Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre overnattingar i fjor
Det var 23,8 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader i 2003, mot 24,4 millionar året før. Dette er ein nedgang på 2,4 prosent. Den norske marknaden gjekk ned med 1,5 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet gjekk ned med 4,4 prosent.
Talet på utanlandske overnattingar gjekk ned frå 7,3 millionar i 2002 til 7,0 millionar i 2003. Frå den desidert største utanlandsmarknaden, Tyskland, var trafikken uendra samanlikna med 2002. Den nest største og tredje største utanlandsmarknaden, Sverige og Danmark, gjekk begge ned. Sverige gjekk ned med 13 prosent, medan talet på danske overnattingar gjekk ned med 10 prosent.
119 000 fleire hytteovernattingar
Hyttegrendene auka med 119 000 overnattingar eller 25 prosent samanlikna med 2002. Dei andre overnattingsformene gjekk alle ned, med høvesvis 3,4 prosent for hotella, 1,8 prosent for campingplassane og 3,7 prosent for vandrarheimane.
Auken for hyttegrendene har i 2003 hatt samanheng med at i alt 15 hyttegrender som tidlegare var i hotellstatistikken vart overførte til hyttegrendstatistikken. Dei 15 hyttegrendene hadde 133 000 overnattingar i 2003, slik at det elles ville ha vore ein nedgang på 2,9 prosent for hyttegrendene. På same måte vil nedgangen for hotella vorte redusert frå 3,4 prosent til 2,6 prosent.
Norske overnattingar dominerar
Om lag fem av sju overnattingar ved overnattingsstadene er norske. I desember var delen norske overnattingar 78 prosent. Delen norske overnattingar er elles størst om hausten og i påsken, og minst om sommaren.
Talet på overnattingar etter nordmenn og utlendingar
og del norske overnattingar, etter månad. 2003 |
I alt | Noreg | Utlandet i alt |
Del norske
overnattingar |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Prosent | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt | 23 803 958 | 16 852 039 | 6 951 919 | 70,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Januar | 1 081 742 | 818 171 | 263 571 | 75,6 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Februar | 1 406 701 | 1 017 409 | 389 292 | 72,3 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mars | 1 575 678 | 1 183 761 | 391 917 | 75,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
April | 1 344 348 | 1 131 110 | 213 238 | 84,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Mai | 1 606 068 | 1 251 678 | 354 390 | 77,9 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Juni | 2 985 599 | 1 842 457 | 1 143 142 | 61,7 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Juli | 5 120 754 | 3 277 199 | 1 843 555 | 64,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
August | 3 569 267 | 2 146 635 | 1 422 632 | 60,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
September | 1 676 801 | 1 290 653 | 386 148 | 77,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Oktober | 1 304 748 | 1 110 506 | 194 242 | 85,1 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
November | 1 214 703 | 1 066 933 | 147 770 | 87,8 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Desember | 917 549 | 715 527 | 202 022 | 78,0 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
Fleire overnattingar i desember
I desember 2003 var det i alt 918 000 overnattingar, mot 876 000 overnattingar i desember året før. Dette er ein auke på 4,7 prosent samanlikna med desember i 2002. Det har vore auke for alle overnattingsformene utanom vandrarheimane som hadde ein nedgang på 7,8 prosent.
Auke i Sverige
Det var 1,48 millionar overnattingar ved svenske overnattingstader i desember i 2003. Dette var ein auke på 41 000 overnattingar eller 3 prosent samanlikna med desember året før.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2003
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-desember 2003
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Desember 2003
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-desember 2003
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2003
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2003
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2003
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-desember 2003
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Desember 2003
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-desember 2003 (Revidert 2. mars 2004)
- Tabell 12 Overnattingar, etter månad og bedriftsgruppe. 2003 (Revidert 2. mars 2004)
- Tabell 13 Norske Vandrarheimar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og månad. 2003 (Revidert 2. mars 2004)
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54