Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar i januar
Det var 1,21 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader i januar i år, mot 1,08 millionar same månad i fjor. Dette er ein auke på 12 prosent. Den norske marknaden auka med 8 prosent, medan talet på overnattingar frå utlandet auka med 22 prosent.
Det var særleg hyttegrendene som auka. Hyttegrendene har alltid rapportert overnattingsstatistikken som talet på einingsdøgn og ikkje som talet på overnattingar. Forskjellen på einingsdøgn og overnattingar er at sistnemnde tek omsyn til storleiken på reisefølgjet/familien. Vi har erfaringar for at eit gjennomsnittleg reisefølgje er på tre personar.
Enkelte hyttegrender med mange store hytter rapporterer no statistikken som talet på overnattingar. Gjennomsnittleg reisefølgje er på meir enn tre personar for dessa bedriftene, og dette er ei av årsakene til auken i trafikken for hyttegrendene.
Norske overnattingar dominerer
Litt i underkant av tre av fire overnattingar ved overnattingsstadene er norske. For campingplassar er denne delen 90 prosent, medan tilsvarande del for vandrarheimane er 61 prosent.
Svak nedgang i Sverige
Det var 1,66 millionar overnattingar ved svenske overnattingstader i januar i 2004. Dette var ein svak nedgang på 2 000 overnattingar samanlikna med januar året før. Nesten 80 prosent av overnattingane er svenske.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar 2004
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar 2004
- Tabell 4 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 5 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar 2004
- Tabell 6 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54