Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utlendingar på vintercamping
Camping er i medvind både blant nordmenn og utlendingar. Den største prosentvise auken i talet på overnattingar ved campingplassane sto utlendingane for, 34,3 prosent, medan det totale talet auka med 16,7 prosent til knapt 148 000 overnattingar.
Som nordmennene valde danskane Oppland som reisemål for campingturen i februar, medan svenskane og tyskarane føretrekte høvesvis Buskerud og Vest-Agder.
Norske overnattingar dominerer
Litt i underkant av sju av ti overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene er norske. For campingplassar er denne delen 85 prosent, medan tilsvarande del for vandrarheimane er 55 prosent. Hyttegrendene har fleire utanlandske enn norske overnattingar.
1,58 millionar overnattingar
Det var 1,58 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i februar i år. Talet er ikkje direkte samanliknbart med same periode i fjor, sidan enkelte hyttegrender med mange store hytter no rapporterer statistikken som talet på overnattingar og ikkje som talet på einingsdøgn. Gjennomsnittleg reisefølgje er på meir enn tre personar for dessa bedriftene, og dette er ei av orsakene til auken i trafikken for hyttegrendene.
Om vi ser bort frå overnattingsstadene som har endra rapporteringa si, har dei resterande kommersielle overnattingsstadene ein auke på vel 8 prosent om man samanliknar februar i år med same månad i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2004
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2004
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Februar 2004
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-februar 2004
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2004
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2004
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2004
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Februar 2004
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-februar 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54