Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar på campingplassane
Det var ein auke på 3,5 prosent i talet på overnattingar ved norske campingplassar i mars 2004 samanlikna med mars i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 1,3 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 21 prosent.
I heile tal auka dei norske og utanlandske overnattingane ved campingplassane med høvesvis 1 726 og 3 542. Om lag 13 prosent av overnattingane her var utanlandske. Av den grunn blir ikkje den høge auken i prosent like markant i heile tal.
Tilsvarande del for utanlandske overnattingar for vandrarheimar og hyttegrender var høvesvis 43 og 63 prosent. Samla var litt i overkant av ein av fire overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene utanlandske.
1,71 millionar overnattingar
Det var 1,71 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i mars i år, som var ein auke på 9 prosent samanlikna med mars i fjor. Endra rapporteringsmåte for hyttegrendene har medført at dette talet ikkje er heilt samanliknbart med talet for mars i fjor. Om ein nyttar einingsdøgn blir auken på om lag 6,6 prosent.
Auke i Sverige
Førebelse tal frå Statistiska centralbyrån i Sverige viser at talet på overnattingar ved svenske overnattingsstader var 2,3 millionar i mars månad. Det var ein auke på litt i underkant av 1 prosent samanlikna med mars i fjor. Svenskane stod for 83 prosent av overnattingane.
Tabeller:
- Tabell 1 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 2 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mars 2004
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mars 2004
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mars 2004
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mars 2004
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2004
- Tabell 7 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mars 2004
- Tabell 9 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mars 2004
- Tabell 10 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mars 2004
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-mars 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54