Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar på hotella
Det var 4 prosent fleire overnattingar ved norske hotell i april i år enn i april i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 2 prosent medan talet på dei utanlandske auka med 16 prosent.
Den svenske marknaden var størst denne månaden, og talet på svenske overnattingar auka med 12 prosent samanlikna med april i fjor. Det var også auke for dei andre store utanlandsmarknadene, Storbritannia, Danmark og Tyskland.
Om lag uendra prisar, men høgare losjiomsetning
Gjennomsnittleg pris per hotellrom var 716 kroner, mot 717 kroner i april i fjor. Hotella sin losjiomsetning auka frå 464 millionar kroner i april i fjor til 478 millionar kroner i april i år, ein auke på 3 prosent.
Høgare utnytting av kapasiteten
Både utnyttingen av rom- og sengekapasiteten auka samanlikna med april i fjor. I april i år var 30,3 prosent av sengekapasiteten og 40,9 prosent av romkapasiteten utnytta.
Hittil i år
Til og med april i år har hotella hatt om lag 4,7 millionar overnattingar. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 4 prosent, medan talet på utanlandske auka med 7 prosent. Det var størst auke frå Sverige og Storbritannia.
1,41 millionar overnattingar
Det var 1,41 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i april i år - ein auke på 5 prosent samanlikna med april i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 3 prosent og utanlandske auka med 18.
Endra rapporteringsmåte for hyttegrendene har medført at dette talet ikkje er heilt samanliknbart med talet for april i fjor, sjå "Om statistikken".
Frå og med april 2004 vert ikkje lenger overnattingsstatistikken for hotell publisert i eigen artikkel, men i staden publisert saman med overnattingsstatistikken for dei andre kommersielle overnattingstadene.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Talet på opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. April. 2003 og 2004
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-april og april. 2003 og2004
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. April. 2003 og 2004
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-april. 2003 og 2004
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-april og april 2004
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter formål og fylke. April. 2003 og 2004
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-april. 2003 og 2004
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2004
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2004
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. April 2004
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-april 2004
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2004
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2004
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2004
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. April 2004
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-april 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54