Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre hotellovernattingar
Det var 2 prosent færre overnattingar ved norske hotell i mai i år enn i mai i fjor. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 5 prosent, medan talet på dei utanlandske auka med 9 prosent.
Sjølv med nedgang frå mai i fjor, er det totale talet på overnattingar det fjerde høgste sidan 1989. Etter nedgangen på 5 prosent i talet på norske overnattingar, er nivået likevel det tredje høgste noen sinne. Dette visast nærare i grafen nedanfor.
Auke for britane
Den britiske marknaden var størst i mai, og talet på britiske overnattingar auka med 2 prosent samanlikna med mai i fjor. Det var nedgang for den nest største marknaden, Tyskland, medan det tredje største, USA, auka med 9 prosent.
Lågare prisar og losjiomsetning
Gjennomsnittleg pris per hotellrom var 696 kroner, mot 719 kroner i mai i fjor. Hotella sin losjiomsetning gjekk ned frå 556 millionar kroner i mai i fjor til 523 millionar kroner i mai i år.
Lågare utnytting av kapasiteten
Utnyttingen av både rom- og sengekapasiteten gjekk ned samanlikna med mai i fjor. I mai i år var 29,4 prosent av sengekapasiteten og 42,9 prosent av romkapasiteten utnytta.
Hittil i år
Til og med mai i år, har hotella hatt 5,81 millionar overnattingar. Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med same periode i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 2 prosent, medan talet på utanlandske auka med 8 prosent. Det har vore størst auke frå Storbritannia og Sverige.
1,69 millionar overnattingar
Det var 1,69 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i mai i år, som er ein auke på litt over 5 prosent samanlikna med mai i fjor. Talet på norske overnattingar auka med nesten 5 prosent medan dei utanlandske auka med litt under 7 prosent.
Nedgang i Sverige
Talet på overnattingar ved svenske overnattingsbedrifter var 2,14 millionar i mai i år, som er ein nedgang på 4,5 prosent samanlikna med mai i fjor.
Kapasitetsutnyttinga av senger i Sverige var 29,8 prosent, ein nedgang på 1,6 prosenteiningar samanlikna med mai i fjor.
Frå og med april 2004 vert ikkje lenger overnattingsstatistikken for hotell publisert i eigen artikkel, men i staden publisert saman med overnattingsstatistikken for dei andre kommersielle overnattingsstadene.
Tabeller:
- Tabell 1 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Talet på opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Mai. 2003 og 2004
- Tabell 2 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-mai og mai. 2003 og 2004
- Tabell 3 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Mai. 2003 og 2004
- Tabell 4 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-mai. 2003 og 2004
- Tabell 5 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-mai og mai 2004
- Tabell 6 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter formål og fylke. Mai. 2003 og 2004
- Tabell 7 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-mai. 2003 og 2004
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2004
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2004
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mai 2004
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mai 2004
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2004
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2004
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2004
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai 2004
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-mai 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54