Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire hotellovernattingar i juni
Talet på overnattingar i juni 2004 var det nest høgaste sidan 1989. Samanlikna med juni i fjor, auka talet på overnattingar ved norske hotell med 7 prosent. Talet på norske overnattingar auka med 8 prosent, medan talet på dei utanlandske auka med 7 prosent.
Auken frå juni i fjor, har brakt det totale talet på overnattingar opp på det nest høgaste nivået sidan 1989, medan talet på norske overnattingar er det høgaste. Talet på utanlandske overnattingar i juni i år ligg 16 prosent under nivået for juni 1994, som var toppåret for utanlandske overnattingar for juni månad. I juni 1994 var 48 prosent av hotellovernattingane utanlandske. I juni i år var tilsvarande del 39 prosent.
Færre tyske overnattingar
Den tyske marknaden var framleis største utanlandske i juni i år med 158 000 overnattingar. Talet på tyske overnattingar gjekk derimot ned med 4 prosent samanlikna med juni i fjor. Britane, som er den nest største utanlandske marknaden, auka med 12 prosent. Alle våre næraste naboar i Norden auka.
Lågare prisar og høgare losjiomsetning
Gjennomsnittleg pris per hotellrom var 697 kroner, mot 703 kroner i juni i fjor. Hotella sin losjiomsetning auka frå 756 millionar kroner i juni i fjor til 802 millionar i juni i år.
Høgare utnytting av kapasiteten
Utnyttinga av både rom- og sengekapasiteten auka samanlikna med juni i fjor. I juni i år var 46 prosent av sengekapasiteten og 61 prosent av romkapasiteten utnytta, om lag 3-4 prosentpoeng høgare enn i juni i fjor.
Hittil i år
Til og med juni i år har hotella hatt 7,6 millionar overnattingar. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 3 prosent, medan talet på utanlandske auka med 7 prosent. Det har vore størst auke frå Storbritannia.
3,2 millionar overnattingar
Det var 3,2 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i juni i år, som er ein auke på litt over 7 prosent samanlikna med juni i fjor. Det var auke for alle overnattingsmåtane.
Tabeller:
- Tabell 1 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Talet på opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Juni. 2003 og 2004
- Tabell 2 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juni og juni. 2003 og 2004
- Tabell 3 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Juni. 2003 og 2004
- Tabell 4 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-juni. 2003 og 2004
- Tabell 5 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-juni og juni 2004
- Tabell 6 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter formål og fylke. Juni. 2003 og 2004
- Tabell 7 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-juni. 2003 og 2004
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juni 2004
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2004
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juni 2004
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juni 2004
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2004
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juni 2004
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2004
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juni 2004
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-juni 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54