Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire hotellovernattingar i juli
Talet på overnattingar ved norske hotell auka med 7 prosent samanlikna med juli i fjor. Det var auke både for norske og utanlandske overnattingar med høvesvis 10 og 4 prosent.
Trass i auken frå juli i fjor, er likevel det totale talet på hotellovernattingar berre det femte høgste sidan 1989. Åra 1998 til 2001 hadde fleire juliovernattingar. Talet på norske juliovernattingar er derimot det høgste, og faktisk er talet på norske overnattingar det høgste nokosinne. Talet på utanlandske overnattingar i juli i år ligg 17 prosent under nivået for i juli 1994, som var toppåret for utanlandske overnattingar for juli.
Færre tyske overnattingar
Den tyske marknaden er ein typisk "sommarmarknad" og var den største utanlandske i juli i år med 218 000 overnattingar. Talet på tyske overnattingar gjekk ned med 6 prosent samanlikna med juli i fjor. Til samanlikning hadde hotella 394 000 tyske overnattingar i juli 1994, og dagens nivå er 45 prosent lågare enn i juli 1994.
Høgare prisar og losjiomsetning
Gjennomsnittleg pris per hotellrom var 649 kroner, mot 637 kroner i juli i fjor. Losjiomsetninga til hotella auka frå 709 millionar kroner i juli i fjor til 768 millionar kroner i juli i år. Juli er ein månad med stor del feriemotiverte overnattingar, og dette gjev ein lågare pris per rom enn i andre månader med meir innslag av yrkesovernattingar.
Høgare utnytting av kapasiteten
Utnyttinga av både rom- og sengekapasiteten auka samanlikna med juli i fjor. I juli i år var 56 prosent av sengekapasiteten og 60 prosent romkapasiteten utnytta - om lag 4 prosentpoeng høgare enn i juli i fjor.
Hittil i år
Til og med juli i år, har hotella hatt 9,97 millionar overnattingar. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 5 prosent, medan talet på utanlandske auka med 6 prosent.
5,3 millionar overnattingar
Det var 5,3 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader i juli i år, som er ein auke på 4 prosent samanlikna med juli i fjor. Det var auken for alle overnattingsmåtane.
Liten auke i Sverige
Førebelse tal frå Statistiska Centralbyrån viser at talet på overnattingar ved svenske hotell var 3,9 millionar i juli månad. Dette er ein auke på 0,7 prosent samanlikna med endelege tal for juli i fjor. Svenske overnattingar stod for 72 prosent av totalen. Noreg hadde nest flest overnattingar med 290 300. Noreg stod for den største nedgangen med 15 prosent. Den største prosentvise auken samanlikna med juli i fjor, hadde USA med 21 prosent og Nederland med 13 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Talet på opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Juli. 2003 og 2004
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juli og juli. 2003 og 2004
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Juli. 2003 og 2004
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-juli. 2003 og 2004
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-juli og juli. 2004
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter formål og fylke. Juli. 2003 og 2004
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-juli. 2003 og 2004
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2004
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2004
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juli 2004
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juli 2004
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2004
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2004
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2004
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juli 2004
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-juli 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54