Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire norske hotellovernattingar i august
Det var 1,94 millionar overnattingar ved norske hotell i august i år. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med august i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 4 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar var om lag uendra.
Den tyske marknaden er vanlegvis største utanlandsmarknad i august månad, og var det også i august i år med 128 000 overnattingar. Talet på tyske overnattingar gjekk ned med 10 prosent samanlikna med august i fjor. Til samanlikning hadde hotella 226 000 tyske overnattingar i august 1994, og dagens nivå er 43 prosent lågare.
Høgare prisar og losjiomsetning
Gjennomsnittleg pris per hotellrom var 682 kroner, mot 674 kroner i august i fjor. Hotella sin losjiomsetning auka frå 746 millionar kroner i august i fjor til 781 millionar kroner i august i år.
Høgare utnytting av kapasiteten
I august i år var 46,5 prosent av sengekapasiteten og 58,0 prosent av romkapasiteten utnytta, 1-2 prosentpoeng høgare enn i august i fjor.
Hittil i år
Hotella har hatt 11,91 millionar overnattingar hittil i år. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Både talet på norske og utanlandske overnattingar auka med 5 prosent.
3,7 millionar overnattingar
Det var 3,7 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i august i år, som er ein auke på 4 prosent samanlikna med august i fjor. Det var auke for alle overnattingsmåtane unnateke for Norske Vandrerhjem som hadde ein nedgang på 1 prosent.
Talet på norske overnattingar auka for alle overnattingsmåtane, medan talet på utanlandske overnattingar var om lag uendra for hotell og camping, auke for hyttegrendene og nedgang for Norske Vandrerhjem.
I perioden januar til og med august har det totalt vore 19,8 millionar overnattingar, ein auke på 6 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Talet på opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. August. 2003 og 2004
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-august og august. 2003 og2004
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. August. 2003 og 2004
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-august. 2003 og 2004
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-august og august. 2004
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter formål og fylke. August. 2003 og 2004
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-august. 2003 og 2004
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2004
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2004
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. August 2004
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-august 2004
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2004
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2004
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2004
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. August 2004
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-august 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54