Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar i sommar
Det var 1,38 millionar overnattingar ved norske hotell i september 2004. Dette er ein auke på 6 prosent samanlikna med september i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 6 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 7 prosent. I sommar i år - mai til september - har det vore 8,5 millionar overnattingar ved norske hotell.
Den britiske, den svenske og den amerikanske marknaden var dei tre største utanlandsmarknadene på hotella i september i år. Alle desse tre auka. Talet på britiske overnattingar auka med 19 prosent, medan talet på svenske og amerikanske overnattingar auka med høvesvis 1 og 8 prosent. Tyskland var den fjerde største og hadde ein nedgang på 6 prosent samanlikna med september i fjor.
Auke i sommar
I sommar i år (mai til september) har det vore 15,7 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med sommaren i fjor. Både talet på norske og utanlandske overnattingar har auka. Av dei større marknadene gjekk Tyskland og Sverige ned med høvesvis 4 og 2 prosent, medan alle dei andre store marknadene gjekk opp. Alle overnattingsmåtane auka.
Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe.
Mai-september 2004 |
I alt |
Hoteller og
andre overnattings- bedrifter |
Campingplassar | Hyttegrender1 |
Norske
Vandrerhjem2 |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt 2003 | 14 962 842 | 8 145 551 | 6 244 580 | 341 035 | 231 676 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt 2004 | 15 723 733 | 8 542 492 | 6 544 614 | 394 884 | 241 743 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noreg | 10 397 161 | 5 603 842 | 4 522 689 | 171 138 | 99 492 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utlandet i alt | 5 326 570 | 2 938 650 | 2 021 923 | 223 746 | 142 251 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 1 430 613 | 572 550 | 736 280 | 96 663 | 25 120 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 377 916 | 190 411 | 147 650 | 29 647 | 10 208 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nederland | 705 794 | 222 760 | 421 767 | 55 403 | 5 864 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 444 680 | 211 344 | 205 529 | 11 483 | 16 324 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 384 198 | 311 601 | 59 452 | 4 214 | 8 931 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
USA | 265 666 | 250 690 | 7 770 | 912 | 6 294 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Frankrike | 269 413 | 188 605 | 71 141 | 3 263 | 6 404 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Tala kan ikkje direkte samanliknast med same periode i fjor på grunn av omklassifisering av
overnattingsstader og endring i rapporteringsmåtane. |
2 | Førebelse tal for 2004. |
Hittil i år
Hotella har hatt 13,3 millionar overnattingar hittil i år. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Både talet på norske og utanlandske overnattingar auka med 5 prosent.
1,8 millionar overnattingar totalt
Det var 1,8 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i september i år, ein auke på 9 prosent samanlikna med september i fjor. Det var auke for hotell, camping og hyttegrender. Unntaket var Norske Vandrerhjem som gjekk ned med 11 prosent.
I perioden januar til og med september har det totalt vore 21,6 millionar overnattingar, ein auke på 6 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Talet på opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. September. 2003 og 2004
- Tabell 2 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-september og september. 2003 og2004
- Tabell 3 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. September. 2003 og 2004
- Tabell 4 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-september. 2003 og 2004
- Tabell 5 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-september og september 2004
- Tabell 6 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter formål og fylke. September. 2003 og 2004
- Tabell 7 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-september. 2003 og 2004
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2004
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-september 2004
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. September 2004
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-september 2004
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2004
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2004
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-september 2004
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. September 2004
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-september 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54