Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar ved norske hotell
Det var 1,13 millionar overnattingar ved norske hotell i oktober i år. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med oktober i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 2 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 4 prosent.
Talet på overnattingar ved hotella i oktober i år er det nest høgaste oktobertalet nokosinne. Berre oktober 1998 hadde fleire overnattingar, med 1,17 millionar. Til dømes ligg oktobertalet i år 45 prosent over tilsvarande tal for oktober 1989.
Den britiske marknaden var den største av utanlandsmarknadene på hotella i oktober i år. Den auka med 8 prosent samanlikna med oktober i fjor. Talet på svenske og danske overnattingar, den nest største og tredje største utanlandsmarknaden, gjekk ned med høvesvis 3 og 4 prosent. Tyskland var den fjerde største, og hadde ein auke på 12 prosent samanlikna med oktober i fjor.
Hittil i år
Etter dei ti første månadene i år, har hotella hatt 14,4 millionar overnattingar. Dette er ein auke på nesten 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Også camping, hyttegrender og vandrarheimar har hatt auke i perioden januar-oktober i år.
Camping
Campingplassane hadde 168 000 overnattingar i oktober i år, ein auke på 7 prosent samanlikna med oktober i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 4 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 31 prosent.
Det er store månadlege svingingar i delen utanlandske overnattingar. Oktober er av dei månadene med liten del. Til dømes hadde oktober i år 14,0 prosent utanlandske overnattingar, mot 11,4 prosent i fjor.
1,35 millionar overnattingar totalt
Det var 1,35 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i oktober i år, som er ein auke på 3 prosent samanlikna med oktober i fjor. Forutan hotella og campingplassane, var det auke også for hyttegrendene og for vandrarheimane.
I perioden januar til og med oktober har det totalt vore 23,0 millionar overnattingar, ein auke på 6 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Talet på opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Oktober. 2003 og 2004
- Tabell 2 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-oktober og oktober. 2003 og 2004
- Tabell 3 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Oktober. 2003 og 2004
- Tabell 4 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-oktober. 2003 og 2004
- Tabell 5 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-oktober og oktober 2004
- Tabell 6 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter formål og fylke. Oktober. 2003 og 2004
- Tabell 7 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-oktober. 2003 og 2004
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2004
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2004
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Oktober 2004
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-oktober 2004
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2004
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2004
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2004
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Oktober 2004
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-oktober 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54