14492_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14492
Stadig fleire overnattingar ved norske hotell
statistikk
2005-01-07T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarnovember 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire overnattingar ved norske hotell

Det var 1,11 millionar overnattingar ved norske hotell i november i 2004. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med november året før. Talet på norske overnattingar auka med 2 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 12 prosent.

Talet på overnattingar ved hotella i november i 2004 er det høgaste novembertalet nokosinne. Til dømes ligg novembertalet i 2004 52 prosent over novembertalet for 1989.

Den britiske og den svenske marknaden var dei to største utanlandsmarknadane på hotella i november. Dei auka med høvesvis 9 og 11 prosent samanlikna med november året før.

Etter elleve månader

Etter dei elleve første månadene i 2004, har hotella hatt 15,5 millionar overnattingar. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode året før.

Stor auke for campingplassane

Campingplassane hadde 133 000 overnattingar i november i 2004, ein auke på 16 prosent samanlikna med november året før. Talet på norske overnattingar auka med 12 prosent, medan talet på utanlandske auka med 66 prosent.

1,29 millionar overnattingar totalt

Det var 1,29 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingstader i november 2004, som er ein auke på 6 prosent samanlikna med november året før. Både hotella og campingplassane, hyttegrendene og vandrarheimane hadde auke i overnattingstrafikken.

I perioden januar til og med november 2004 har det totalt vore 24,3 millionar overnattingar, ein auke på 6 prosent samanlikna med same periode året før.

Tabeller: