Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Rekord for norske overnattingsstader
Det var 25,3 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader i 2004, som er ein auke på 6 prosent samanlikna med 2003. Dette er det høgaste overnattingstalet sidan 1998.
Dei norske overnattingane auka med 6 prosent frå 2003 til 2004, og overnattingsstadene har aldri hatt fleire norske overnattingar enn i 2004. Sjølv om dei utanlandske overnattingane auka med 7 prosent frå 2003 til 2004, var likevel talet 5 prosent lågare enn toppåret 1998.
Tyskarar og svenskar har svikta sidan 1998
Det var 1,65 millionar tyske og 827 000 svenske overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene i 2004. Tyskarane og svenskane stod for nesten heile nedgangen frå toppåret 1998. Danske, finske og amerikanske overnattingar gjekk òg ned, medan nederlandske og britiske overnattingar tvert imot har auka sidan 1998.
Auke for hotella ...
Hotella hadde i alt 16,4 millionar overnattingar i 2004, ein auke på nesten 5 prosent frå 2003. Dette er det femte høgaste talet sidan 1989. Men nivået i 2004 ligg til dømes berre 1 prosent under nivået i toppåret 1999.
Medan dei norske overnattingane har vist rekord, har dei utanlandske overnattingane ikkje heilt nådd toppnivå. Til tross for ein auke på 5 prosent frå 2003, ligg 2004-talet framleis 12 prosent under toppnoteringa i 1999.
... og for campingplassane
Campingplassane hadde 7,6 millionar overnattingar i 2004, ein auke på 6 prosent samanlikna med 2003. Talet på norske overnattingar auka med 7 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 2 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Talet på opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Desember. 2003 og 2004
- Tabell 2 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-desember og desember. 2003 og2004
- Tabell 3 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Desember. 2003 og 2004
- Tabell 4 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-desember. 2003 og 2004
- Tabell 5 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-desember og desember 2004
- Tabell 6 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter formål og fylke. Desember. 2003 og 2004
- Tabell 7 Hoteller og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-desember. 2003 og 2004
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2004
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-desember 2004
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Desember 2004
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-desember 2004
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2004
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2004
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2004
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-desember 2004
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Desember 2004
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-desember 2004
- Tabell 19 Norske Vandrerhjem. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og månad. 2004
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54