Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar
Det var 1,28 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader i januar i år, ein auke på 6 prosent samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Dette er det nest høgste overnattingstalet for hotellovernattingar i januar, berre slått av januar 1999.
Talet på norske overnattingar auka med 4 prosent frå januar i fjor, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 11 prosent.
Auke for hotella ..
Det var 1,03 millionar overnattingar ved norske hotell i januar 2005, som er ein auke på 5 prosent samanlikna med tilsvarande månad i fjor. Talet på norske hotellovernattingar auka med 4 prosent frå januar i fjor, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 6 prosent. Det var 85 000 danske overnattingar ved hotella i januar i år. Dette var 11 prosent færre enn i januar i fjor. Alle dei andre store utanlandsmarknadene auka.
.. og for campingplassane
Campingplassane hadde 118 000 overnattingar i januar i år, mot 116 000 i same månad i fjor. Dette er ein auke på 2 prosent. Talet på norske overnattingar auka med 2 prosent, medan talet på utanlandske gjekk ned med 1 prosent.
Sverige
I 2004 var det i alt 27,1 millionar overnattingar ved svenske overnattingsbedrifter. Dette er ein auke på om lag 1 prosent samanlikna med 2003. Talet på svenske overnattingar var om lag uendra, medan dei utanlandske auka med 3 prosent. Det var særleg land utanfor Norden som auka. Dei nordiske naboane hadde nedgang på 6 prosent. Til dømes gjekk talet på norske overnattingar på svenske overnattingsstader ned med over 10 prosent frå 2003 til 2004.
Danmark
I 2004 hadde danske hotell 13,6 millionar overnattingar. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med 2003. Innanlandske overnattingar auka med 5 prosent, medan talet på utanlandske auka med nesten 1 prosent.
Talet på overnattingar ved danske campingplassar gjekk ned med 5 prosent samanlikna med 2003. Det var nedgang både for innanlandske og utanlandske overnattingar, med høvesvis 3 og 8 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Januar. 2004 og 2005
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestenes sin nasjonalitet. Januar-januar og januar. 2004 og 2005
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar. 2004 og 2005 (Rettet 3. mai 2005)
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-januar og januar 2005. (Rettet 5. januar 2006)
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 6 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 7 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar 2005
- Tabell 8 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar 2005
- Tabell 9 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 10 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar 2005
- Tabell 11 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. January 2005
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54