Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire norske overnattingar
Det var 1,62 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader i februar 2005, som er ein auke på 3 prosent samanlikna med tilsvarande månad i fjor.
Talet på norske overnattingar auka med 4 prosent frå februar i fjor. Talet på utanlandske overnattingar auka med 2 prosent, som følgje av ein auke for hyttegrendene.
Fleire norske hotellovernattingar ...
Det var 1,31 millionar overnattingar ved norske hotell i februar 2005, som er 1 prosent fleire enn i tilsvarande månad i fjor. Talet på norske hotellovernattingar auka med 3 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar tvert imot gjekk ned med 3 prosent samanlikna med februar i fjor.
Dette er det høgste talet på norske overnattingar i februar nokon gong, men det er det fjerde lågaste utanlandske sidan 1990. Til dømes ligg talet på utanlandske hotellovernattingar for februar i år 23 prosent lågare enn i februar 1995.
.. og campingovernattingar
Campingplassane hadde 161 000 overnattingar i februar i år, mot 148 000 i same månad i fjor. Dette er ein auke på 9 prosent. Talet på norske overnattingar auka med 14 prosent, medan talet på utanlandske gjekk ned med 24 prosent.
Etter årets to første månader
har det vore 2,9 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader. Dette er 4 prosent fleire enn i same periode i fjor.
Auke i Sverige i januar
Talet på overnattingar ved svenske overnattingsstader var 1,75 millionar i januar 2005, som var ein auke med 4,5 prosent jamført med januar 2004. Svenske overnattingar stod for 79 prosent av overnattingane mens overnattingar frå Norden elles stod for nesten 8 prosent. I Noreg stod norske overnattingar for 72 prosent av totalen, mens overnattingar frå Norden elles stod for 17 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Februar. 2004 og 2005
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-februar og februar. 2004 og 2005
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Februar. 2004 og 2005 (Rettet 3. mai 2005)
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-februar. 2004 og 2005 (Rettet 3. mai 2005)
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-februar og januar 2005. (Rettet 5. januar 2006)
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Februar. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-februar. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2005
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2005
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Februar 2005
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-februar 2005
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2005
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2005
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2005
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Februar 2005
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-februar 2005
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54