Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar i mars
Det var 1,82 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader i mars 2005. Dette er ein auke på 6 prosent samanlikna med mars i fjor.
Talet på norske overnattingar auka med 5 prosent, medan dei utanlandske auka med 7 prosent.
Færre hotellovernattingar
Talet på norske overnattingar på hotell gjekk ned med 6 prosent, medan talet på utanlandske hotellovernattingar auka med 3 prosent samanlikna med mars i fjor. Samtidig gjekk hotellovernattingane samla ned med 3 prosent.
Alle dei fire store utanlandsmarknadene, Danmark, Sverige, Tyskland og Storbritannia, auka. Auken frå Tyskland har samanhang med ei militærøving i Nordland. Talet på utanlandske hotellovernattingar i Nordland auka med over 300 prosent samanlikna med mars i fjor, og det er tyskarar som i hovudsak stod for denne auken.
Auke for campingplassane
Campingplassane hadde 262 000 overnattingar i mars i år, mot 156 000 i same månad i fjor. Dette er ein auke på 68 prosent. Talet på norske overnattingar auka med 78 prosent, medan talet på utanlandske gjekk ned med 5 prosent. I "vinterfylke" som Hedmark, Oppland og Buskerud var det stor auke i talet på norske overnattingar, og denne auken har samanhang med at påska i år var i mars, medan ho var i april i fjor.
Hittil i år
har det vore 4,7 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader. Dette er 5 prosent fleire enn i same periode i fjor. Talet på hotellovernattingar har vore om lag uendra, medan campingplassane og hyttegrendene har auka.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Mars. 2004 og 2005
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-mars og mars. 2004 og 2005
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Mars. 2004 og 2005
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-mars. 2004 og 2005
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-mars og mars 2005. (Rettet 5. januar 2006)
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mars. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-mars. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mars 2005
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mars 2005
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mars 2005
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mars 2005
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2005
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mars 2005
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mars 2005
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mars 2005
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-mars 2005
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54