Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Liten nedgang for hotella
Det var 2,4 millionar overnattingar ved norske hotell i juli i år. Dette er ein nedgang på 1 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Talet på norske overnattingar gjekk ned, medan dei utanlandske var om lag uendra samanlikna med juli i fjor. Den største utanlandsmarknaden, Tyskland, hadde nesten ein fjerdedel av dei utanlandske overnattingane og auka med 1 prosent. Nederland, den nest største utanlandsmarknaden, auka med 2 prosent, medan det tredje største, Danmark, gjekk ned med 4 prosent.
Totaltrafikken uendra
Alle overnattingsformar totalt hadde 5,3 millionar overnattingar i juli, om lag det same talet som i juli i fjor. Med unntak av Norske Vandrerhjem, som hadde ein litt større nedgang, hadde resten av overnattingsstadene om lag uendra overnattingstrafikk.
Auke hittil i år
Etter årets sju første månadar, har det vore 16,5 millionar overnattingar ved norske overnattingstader mot 16,1 millionar i same periode i fjor. Dette er ein auke på 2 prosent. Hyttegrendene auka med 13 prosent og hotella auka med 3. For campingplassane var talet om lag uendra, medan vandrarheimane hadde ein nedgang på 7 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Juli. 2004 og 2005
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juli og juli. 2004 og 2005
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Juli. 2004 og 2005
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-juli. 2004 og 2005
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-juli og juli 2005. (Rettet 5. januar 2006)
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Juli. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-juli. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2005
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2005
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juli 2005
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juli 2005
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2005
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2005
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2005
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juli 2005
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-juli 2005
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54