14474_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14474
Auke for hotella
statistikk
2005-09-30T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingaraugust 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke for hotella

Det var 2,1 millionar overnattingar ved norske hotell i august i år. Dette er ein auke på 9 prosent samanlikna med same månad i fjor. Augusttalet for i år er det høgaste nokon gong. Det ligg til dømes 23 prosent over august talet i 1995.

Talet på norske overnattingar auka med 11 prosent, medan dei utanlandske auka med 7 prosent samanlikna med august i fjor.

Stor auke for dei største

Den desidert største utanlandsmarknaden, Tyskland, som hadde 19 prosent av dei utanlandske overnattingane, auka med 14 prosent. Storbritannia, den nest største, auka med 10 prosent, medan den tredje største, Spania, auka med 16 prosent.

Om lag uendra for campingplassane

Det var 1,6 millionar overnattingar ved campingplassane i august, om lag det same som i august i fjor. Både norske og utanlandske var uendra.

Auke i totaltrafikken

Alle overnattingsformar totalt hadde 3,9 millionar overnattingar i august, som er 6 prosent høgare enn i august i fjor. Alle bedriftsgruppene hadde auka overnattingstrafikk.

Auke også hittil i år

Etter årets åtte første månadar, har det vore 20,4 millionar overnattingar ved norske overnattingstader mot 19,8 millionar i same periode i fjor. Dette er ein auke på 3 prosent. Størst auke har hyttegrendene hatt, medan vandrarheimane har hatt ein nedgang.

Tabeller: