Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar i sommar
Det var 16,1 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader i sommar i år. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Talet på norske overnattingar auka med 3 prosent, medan utanlandske auka med 1 prosent. Av dei store utanlandsmarknadene var det auke i talet på tyske overnattingar med 3 prosent. Svenske overnattingar auka også med 3 prosent, medan britiske auka med 4 prosent. Talet på overnattingar frå Danmark og Nederland gjekk derimot ned med høvesvis 1 og 3 prosent.
Det var 8,9 millionar overnattingar ved hotella, som var ein auke på 4 prosent. Forutan hotella, var det auke også for hyttegrendene, medan campingplassane og medlemsbedriftene i Norske Vandrerhjem hadde ein nedgang i talet på overnattingar.
Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai-september 2005 |
I alt |
Hotell og andre
overnattings- bedrifter |
Campingplassar | Hyttegrender1 | Norske Vandrerhjem2 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
I alt 2004 | 15 728 152 | 8 542 492 | 6 544 614 | 394 884 | 246 162 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
I alt 2005 | 16 128 697 | 8 921 599 | 6 541 766 | 436 848 | 228 484 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Noreg | 10 741 629 | 5 885 103 | 4 552 365 | 206 885 | 97 276 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Utlandet i alt | 5 387 068 | 3 036 496 | 1 989 401 | 229 963 | 131 208 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Tyskland | 1 479 525 | 605 794 | 746 477 | 103 622 | 23 632 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Danmark | 374 973 | 184 749 | 151 290 | 28 016 | 10 918 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nederland | 681 975 | 230 326 | 394 275 | 52 292 | 5 082 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sverige | 459 916 | 228 476 | 199 712 | 13 987 | 17 741 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Storbritannia | 398 475 | 326 181 | 59 459 | 4 888 | 7 947 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
USA | 260 570 | 248 829 | 6 742 | 655 | 4 344 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
Frankrike | 250 147 | 179 591 | 63 124 | 1 528 | 5 904 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||
1 |
Tala kan ikkje direkte samanliknast med same periode i fjor på grunn av omklassifisering av overnattingsstader og
endring i rapporteringsmåtane. |
2 | Førebelse tal for 2005. |
Auke for hotella i september
I september var det 1,5 millionar overnattingar, ein auke på 6 prosent i forhold til september i fjor. Den største utanlandsmarknaden i september, Storbritannia, auka med 8 prosent. To andre store marknader, Sverige og Tyskland, auka med høvesvis 6 og 11 prosent.
.. og for campingplassane
Det var 416 000 overnattingar ved campingplassane i september, som er meir enn 10 prosent fleire enn i september i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 13 prosent, medan dei utanlandske var om lag uendra.
.. og i totaltrafikken
Alle overnattingsformer totalt hadde 2,0 millionar overnattingar i september, som er nesten 8 prosent fleire enn i september i fjor.
Auke også hittil i år
Etter årets ni første månader, har det vore 22,3 millionar overnattingar ved norske overnattingsstader, mot 21,6 millionar i same periode i fjor. Dette er ein auke på litt over 3 prosent. Størst auke har hyttegrendene hatt, medan vandrarheima har hatt nedgang.
Feil tal for kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar
Det er oppdaga feil rapportering av kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar for januar til august 2005. Feilen gjeld tala frå om lag 25 hotell. Denne feilen påverkar verken totalen eller tala for yrkesovernattingar. For september har vi berekna verknaden av feilen og lagt ved ein tabell som viser både den prosentvise og absolutte effekten for fylkestala. Feilen er størst for Hedmark og Oppland, medan for Østfold, Buskerud, Vestfold, Vest-Agder og Nordland var det ikkje feil i september-tala. Vi vil seinare korrigere tala for januar til august. Se tabell |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. September. 2004 og 2005
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-september og september. 2004 og 2005
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. September. 2004 og 2005
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-september. 2004 og 2005
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-september og september 2005
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. September. 2004 og 2005
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-september. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2005
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-september 2005
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. September 2005
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-september 2005
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2005
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. September 2005
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-september 2005
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. September 2005
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-september 2005
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54