Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar i oktober
Det var 1,5 millionar overnattingar ved norske overnattingstader i oktober i år. Dette er ein auke på 10 prosent samanlikna med oktober i fjor.
Talet på norske overnattingar auka med 10 prosent, medan dei utanlandske auka med 12 prosent. Den største utanlandsmarknaden i oktober, Sverige, auka med 14 prosent, medan den nest største, Storbritannia, auka med 11 prosent. Talet på overnattingar frå Tyskland og Danmark auka med høvesvis 24 og 1 prosent.
Auke for hotella i oktober ...
I oktober var det 1,2 millionar overnattingar ved hotella. Dette er ein auke på 9 prosent i forhold til oktober i fjor. Den største utanlandsmarknaden i oktober, Storbritannia, auka med 19 prosent. Andre store utanlandsmarknader som Sverige og Tyskland, auka med høvesvis 16 og 35 prosent, medan Danmark gjekk ned med 3 prosent.
.. og for campingplassane
Det var 188 000 overnattingar ved campingplassane i oktober, som er 12 prosent fleire enn i oktober i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 15 prosent, medan dei utanlandske gjekk ned med nesten 5 prosent.
Auke også hittil i år
Etter årets ti første månader, har det vore 23,8 millionar overnattingar ved norske overnattingstader mot 23,0 millionar i same periode i fjor. Dette er ein auke på nesten 4 prosent. Størst auke har hyttegrendene hatt, medan vandrarheimane har hatt nedgang.
Feil tal for kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar Den feilaktige rapporteringen av kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar for januar til august 2005, er nå retta opp. |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Oktober. 2004 og 2005
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-oktober og oktober. 2004 og 2005
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Oktober. 2004 og 2005
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-oktober. 2004 og 2005
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-oktober og oktober 2005
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Oktober. 2004 og 2005
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-oktober. 2004 og 2005. (Rettet 21. desember 2005)
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2005
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2005
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Oktober 2005
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-oktober 2005
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2005
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2005
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2005
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Oktober 2005
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-oktober 2005
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54