Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar i november
Det var 1,4 millionar overnattingar ved norske overnattingstader i november i fjor. Dette er ein auke på 6 prosent samanlikna med november 2004.
Talet på norske overnattingar auka med 7 prosent, medan dei utanlandske auka med 5 prosent. Overnattingar frå Sverige gjekk ned med 1 prosent, medan talet på overnattingar frå Storbritannia hadde ein liten auke på litt i underkant av 1 prosent. Frå Tyskland og Danmark var det auke med høvesvis 28 og 9 prosent.
Auke for hotella i november ...
I november var det 1,2 millionar overnattingar ved hotella. Dette er ein auke på 6 prosent i forhold til november i 2004. Den største utanlandsmarknaden i november, Storbritannia, auka med 5 prosent. Den nest største utanlandsmarknaden, Sverige, gjekk ned med 3 prosent, medan Tyskland, den tredje største, auka med 22 prosent.
... og for campingplassane
Det var 146 000 overnattingar ved campingplassane i november i fjor, som er 10 prosent fleire enn i november i 2004.
Auke også hittil i år
I perioden januar til og med november 2005 har det vore 25,2 millionar overnattingar ved norske overnattingstader mot 24,3 millionar i same periode i 2004. Dette er ein auke på nesten 4 prosent. Hotella hadde i same periode ein auke på 5 prosent. Størst auke har hyttegrendene hatt, medan vandrarheimane hadde nedgang.
Feil tal for kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar
Den feilaktige rapporteringa av kurs/konferanse og ferie/fritidsovernattingar for januar til august 2005, er no retta opp. Vi har berekna verknaden av feilen og lagt ved ein tabell som viser både den prosentvise og absolutte effekten for fylkestala for perioden januar til august 2005. Se tabell |
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. November. 2004 og 2005
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-november og november. 2004 og 2005
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. November. 2004 og 2005
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-november. 2004 og 2005
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-november og november 2005
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. November. 2004 og 2005
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-november. 2004 og 2005
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2005
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-november 2005
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. November 2005
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-november 2005
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2005
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2005
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-november 2005
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. November 2005
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-november 2005
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54