Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Rekordmange overnattingar ved hotella
I 2005 var det første gong det var meir enn 17 millionar overnattingar ved norske hotell. Det var òg første gong det var meir enn 12 millionar norske overnattingar.
Talet på hotellovernattingar i alt auka med 5 prosent samanlikna med 2004, og talet er nær 4 prosent over nivået i 1999, som var førre rekordåret. Talet på norske hotellovernattingar auka med 5 prosent, medan dei utanlandske auka med 4 prosent.
Auke for tyskarane, britane og svenskane
Tyskland var den største utanlandsmarknaden for hotella i 2005, med 810 000 overnattingar. Talet på tyske overnattingar auka med 10 prosent frå 2004 til 2005. Likevel er talet 30 prosent lågare enn toppåret 1994.
Det var 602 000 hotellovernattingar frå Storbritannia i 2005, ein auke på 4 prosent samanlikna med 2004. Det er det høgste talet nokosinne. Talet på britiske overnattingar ved hotella har til dømes auka med nesten 80 prosent sidan 1989.
Talet på svenske hotellovernattingar auka med 6 prosent, frå 503 000 overnattingar i 2004 til 531 000 overnattingar i 2005. Nivået i 2005 er 23 prosent lågare enn toppåret 1997.
Nedgang for danskane
Talet på danske hotellovernattingar gjekk ned med 3 prosent samanlikna med 2004, frå 640 000 til 619 000. Nivået i 2005 ligg 35 prosent lågare enn toppåret 1995.
Auke i totaltrafikken
I 2005 var det totalt 26,3 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene. Dette er ein auke på 4 prosent i forhold til 2004. Forutan hotella, var det også auke for campingplassane og hyttegrendene.
Overnattingar totalt og norske overnattingar var rekordhøge i 2005. Talet på utanlandske overnattingar auka med 3 prosent samanlikna med 2004, og med 10 prosent samanlikna med 2003, men talet ligg likevel 3 prosent under 1998, som var første året med totaldekning av den kommersielle overnattingsmarknaden i Noreg.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Desember. 2004 og 2005
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-desember og desember. 2004 og 2005
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Desember. 2004 og 2005
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-desember. 2004 og 2005
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-desember og desember 2005
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Desember. 2004 og 2005
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-desember. 2004 og 2005
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2005
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-desember 2005
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Desember 2005
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-desember 2005
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2005
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2005
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2005
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-desember 2005
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Desember 2005
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-desember 2005
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54