Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
1,4 millionar overnattingar
Det var nesten 1,4 millionar overnattingar til saman ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og Norske Vandrerhjem i januar i år. Dette er ein auke på 7 prosent samanlikna med januar i fjor.
Talet på hotellovernattingar i januar auka med nesten 6 prosent. Norske hotellovernattingar auka med 7 prosent, mens talet på dei utanlandske auka med 2 prosent. Talet på overnattingar totalt og talet på norske overnattingar er det høgaste nokon gong, mens talet på utanlandske hotellovernattingar er 28 prosent lågare enn 1995, som er rekordåret for januar.
Auke i yrkesovernattingane, nedgang i ferie
Samanlikna med januar i fjor, har talet på yrkesovernattingar ved hotella auka med 17 prosent. Overnattingar med kurs og konferanse som formål har auka med 8 prosent, mens talet på ferieovernattingar har gått ned med 6 prosent.
Auke for camping og hyttegrender
Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 9 prosent, og det var vekst i både norske og utanlandske overnattingar. Hyttegrendene hadde òg ein auke i talet på overnattingar.
Auke i Sverige
Svenske overnattingsbedrifter hadde i alt 28,5 millionar overnattingar i 2005. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med 2004. Innanlandske overnattingar auka òg med 5 prosent, mens utanlandske overnattingar auka med 6 prosent. Delen utanlandske overnattingar ved dei norske overnattingsstadene var 29 prosent, mens tilsvarande del ved svenske overnattingsstader var 23 prosent i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-januar og januar. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar. 2005 og 2006
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar 2006
- Tabell 4 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar 2006
- Tabell 5 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54