Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre overnattingar ved hotella
I februar i år var det nesten 1,29 millionar overnattingar til saman ved norske hotell, ein nedgang på 1 prosent frå same månad i fjor. Talet på norske overnattingar var om lag uendra, medan talet på utanlandske gjekk ned med 5 prosent.
Hotellovernattingar frå Danmark, vanlegvis den største utanlandsmarknaden i februar, gjekk ned med 10 prosent samanlikna med februar i fjor. Overnattingar frå Storbritannia, som er den nest største marknaden, auka på si side med 17 prosent. Dei andre store slik som Sverige og Tyskland hadde båe ein nedgang samanlikna med februar i fjor.
Auke i yrkesovernattingane, nedgang i ferie
Samanlikna med februar i fjor, har talet på yrkesovernattingar ved hotella auka med 14 prosent. Overnattingar med kurs og konferanse som formål gjekk ned med 5 prosent, medan talet på ferieovernattingar har gått ned med 10 prosent.
Auke for camping og hyttegrender
Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 6 prosent, medan hyttegrendene auka med 7.
Uendra totaltrafikk
I februar var det i alt 1,625 millionar overnattingar totalt ved dei kommersielle overnattingstadene, mot 1,624 millionar i februar i fjor, altså om lag uendra overnattingstrafikk. Talet på norske overnattingar auka med 2 prosent, medan talet på dei utanlandske gjekk ned med 4 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-februar og februar. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Februar. 2005 og 2006
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2006
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2006
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Februar 2006
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-februar 2006
- Tabell 7 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2006
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2006
- Tabell 9 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Februar 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54