Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire norske overnattingar ved hotella
I mars i år var det 1,49 millionar overnattingar til saman ved norske hotell, ein oppgang på 8 prosent frå same månad i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 13 prosent, medan talet på utanlandske gjekk ned med 6 prosent.
Danmark var den største utanlandsmarknaden i mars, men hotellovernattingar frå Danmark gjekk likevel ned med 11 prosent samanlikna med mars 2004. Sverige og Tyskland hadde ein nedgang på høvesvis 14 og 30 prosent samanlikna med mars i fjor.
Færre ferieovernattingar
Talet på ferieovernattingar gjekk ned med 21 prosent i mars samanlikna med mars 2004. Dette har samanheng med at påska i fjor var i mars, medan ho var i april i år. Det er dei typiske vintersportsfylka som har den store nedgangen i ferie- og fritidsovernattingar, som Hedmark, Oppland og Buskerud.
Yrkesovernattingar ved hotella auka med 41 prosent, medan kurs og konferanse som formål auka med 46 prosent, og dette kjem igjen av påska.
Nedgang for camping og hyttegrender
Talet på overnattingar ved campingplassane gjekk ned med 29 prosent, medan hyttegrendene gjekk ned med 18 prosent.
Nær uendra totaltrafikk
I mars var det i alt 1,826 millionar overnattingar totalt ved dei kommersielle overnattingsstadene, mot 1,817 millionar i mars i fjor, altså om lag uendra overnattingstrafikk.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-mars og mars. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mars. 2005 og 2006
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mars 2006
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mars 2006
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mars 2006
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mars 2006
- Tabell 7 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mars 2006
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mars 2006
- Tabell 9 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mars 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54