Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utlendingar ved hotella
I april i år var det 1,18 millionar overnattingar ved norske hotell, om lag det same som i april i fjor. Talet på norske overnattingar i april gjekk ned med 3 prosent, medan talet på utanlandske auka med 15 prosent.
Sverige var den største utanlandsmarknaden i april, og talet på hotellovernattingar frå Sverige auka med 14 prosent frå april i fjor. Dei andre store utanlandsmarknadene, Danmark, Storbritannia og Tyskland, auka alle, med høvesvis 16, 18 og 31 prosent.
Fleire ferieovernattingar
Samanlikna med april i fjor, har talet på ferieovernattingar ved hotella auka med 36 prosent. Dette har samanheng med at påsken i 2006 var i april, men i mars i 2005. Fylka Hedmark, Oppland, Buskerud, Telemark og Sogn og Fjordane har fleire vinterdestinasjonar, og dei fylka hadde alle auke i hotelltrafikken. Dei andre fylka hadde anten uendra eller færre hotellovernattingar samanlikna med april i fjor.
Auke i totaltrafikken
I april i år var det i alt 1,63 millionar overnattingar totalt ved dei kommersielle overnattingsstadene, mot 1,49 millionar i april i fjor, ein auke på nesten 10 prosent.
Stor auke for camping og hyttegrender
Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 45 prosent, medan hyttegrendene auka med 62 prosent. Dette har samanheng med at mange campingplassar og hyttegrender har stor trafikk i påsken.
Auke etter første tertial
Etter årets fire første månader, har det vore 6,45 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsstader. Dette er ein auke på 4 prosent samanlikna med same periode i fjor. Talet på norske overnattingar har auka med 5 prosent, medan talet på utanlandske var tilnærma uendra. Trenden så langt i år, er at stort sett har talet på utanlandske overnattingar gått ned månad for månad, medan dei norske overnattingane har auka. I april er det motsatt, noko som kan ha samanheng med forskjell i tidspunktet for påsken.
Hotella hadde til og med april i år 5,04 millionar overnattingar, mot 4,89 i same periode i fjor. Talet på norske overnattingar har auka med 4 prosent, medan dei utanlandske har gått ned med 0,4 prosent. Med unntak av Storbritannia, har alle dei store utanlandsmarknadene gått ned. Talet på overnattingar frå Storbritannia har auka med 13 prosent, medan nedgangen for Danmark, Sverige og Tyskland er høvesvis 9, 3 og 19 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-april og april. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. April. 2005 og 2006
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2006
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2006
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. April 2006
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-april 2006
- Tabell 7 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2006
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2006
- Tabell 9 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. April 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54