Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar
I mai i år var det 1,89 millionar overnattingar ved norske kommersielle overnattingsstader, 10 prosent meir enn i mai i fjor. Talet på norske overnattingar i mai auka med 9 prosent, og talet på utanlandske auka med 13 prosent.
Det var 1,23 millionar overnattingar ved hotella i mai i år. Samanlikna med mai i fjor, har talet på hotellovernattingar auka med 8 prosent, og maitala i år er dei høgaste nokon gong. Norske overnattingar auka med 8 prosent, og utanlandske overnattingar auka med 9 prosent.
Storbritannia var den største utanlandsmarknaden for hotella i mai, og talet på hotellovernattingar frå Storbritannia auka med 12 prosent frå mai i fjor. Dei andre store utanlandsmarknadene, Tyskland og Sverige, auka begge, med høvesvis 4 og 2 prosent.
Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 12 prosent, medan hyttegrendene auka med 44 prosent.
Auke dei fem første månadene
Etter dei fem første månadene i år, har det vore 8,34 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsstader, ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor. Talet på norske overnattingar har auka med 6 prosent, medan talet på utanlandske auka med 2 prosent.
Hotella hadde til og med mai i år 6,28 millionar overnattingar, mot 6,03 millionar i same periode i fjor. Dette er ein auke på 4 prosent. Talet på norske overnattingar har auka med 5 prosent, medan dei utanlandske har auka med 2 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-mai og mai. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mai. 2005 og 2006
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2006
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2006
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mai 2006
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mai 2006
- Tabell 7 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2006
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2006
- Tabell 9 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54