Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Rekordmange nordmenn tar inn på hotell
Aldri har det vært så mange overnattingar som i juni i år ved norske hotell. Det er talet på norske gjestar som aukar, medan talet på utanlandske gjestar går ned.
Tyskland var den største utanlandsmarknaden for hotella i juni. Talet på tyske hotellovernattingar gjekk ned med 12 prosent frå juni i fjor. Den nest største utanlandsmarknaden, Storbritannia, auka med 4 prosent.
Auke og for camping og hyttegrender
Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 6 prosent, medan hyttegrendene auka med 27 prosent.
Auke for første halvår
Hotella hadde til og med juni i år 8,13 millionar overnattingar, mot 7,88 i same periode i fjor. Dette er ei auke på 3 prosent. Talet på norske overnattingar har auka med 4 prosent, medan dei utanlandske var om lag uendra.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juni og juni. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Juni. 2005 og 2006
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juni 2006
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2006
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juni 2006
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juni 2006
- Tabell 7 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juni 2006
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juni 2006
- Tabell 9 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juni 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54