Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Ny rekord for hotella
I juli i år var det 2,44 millionar overnattingar ved norske hotell, 4 prosent fleire enn i juli i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 3 prosent, medan dei utanlandske auka med 4.
Talet på hotellovernattingar i juli i år er dei høgaste nokon gong. Talet var 1 prosent høgare enn i juli 1999, og 1,3 prosent høgare enn i juli 2001. Det er om lag 46 prosent fleire overnattingar på hotell enn i juli 1989.
Færre tyske overnattingar
Tyskland er vanlegvis den største utanlandsmarknaden for hotella i juli. Tyskarane er framleis størst, men talet på tyske hotellovernattingar gjekk ned med 6 prosent, frå 221 000 overnattingar i juli i fjor til 207 000 i juli i år. Talet på tyske overnattingar er nær halvert frå juli 1994, då det var 394 000 tyske hotellovernattingar.
Den nest største utanlandsmarknaden, Nederland, gjekk ned med 1 prosent, medan Storbritannia og USA auka med høvesvis 13 og 2 prosent.
Auke og for camping og hyttegrender
Det var 2,87 millionar overnattingar ved norske campingplassar, ei auke på 5 prosent frå juli i fjor. Juli er den einaste månaden der campingplassane har fleire overnattingar enn hotella. Hyttegrendene auka med 29 prosent.
Auke hittil i år
Hotella hadde til og med juli i år 10,57 millionar overnattingar, mot 10,23 i same periode i fjor. Dette er ei auke på 3 prosent. Talet på norske overnattingar har auka med 4 prosent, medan dei utanlandske auka med 2 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juli og juli. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Juli. 2005 og 2006
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2006
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2006
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juli 2006
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juli 2006
- Tabell 7 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2006
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2006
- Tabell 9 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juli 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54