Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar
I august i år var det 2,16 millionar overnattingar ved norske hotell, 2 prosent fleire enn i august i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 1 prosent, medan dei utanlandske auka med 4.
Tyskland var den største utanlandsmarknaden for hotella i august, men talet på tyske hotellovernattingar gjekk ned med 4 prosent, frå august i fjor. Talet på tyske overnattingar er redusert med 38 prosent frå august 1994.
Den nest største utanlandsmarknaden var Spania som auka med 17 prosent frå august i fjor, medan Storbritannia som tredje størst, auka med 6 prosent. Nederlandske overnattingar gjekk ned med 10 prosent.
Det er vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, som har stått for nesten heile auka.
Auke òg for camping og hyttegrender
Det var 1,62 millionar overnattingar ved norske campingplassar, ein auke på 1 prosent frå august i fjor. Overnattingane ved hyttegrendene auka med 26 prosent, medan Norske Vandrerhjem hadde ein auke på 7 prosent.
Totalt
Det var 4,00 millionar overnattingar totalt ved alle overnattingsformene. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med august i fjor.
Auke hittil i år
Hotella hadde, til og med august i år, 12,74 millionar overnattingar, mot 12,35 i same periode i fjor. Dette er ein auke på 3 prosent. Talet på norske overnattingar har auka med 4 prosent, medan dei utanlandske auka med 2 prosent i denne perioden.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-august og august. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. August. 2005 og 2006
- Tabell 3 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2006
- Tabell 4 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2006
- Tabell 5 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. August 2006
- Tabell 6 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-august 2006
- Tabell 7 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2006
- Tabell 8 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-august 2006
- Tabell 9 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. August 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54