14448_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14448
1,5 millionar overnattingar
statistikk
2006-11-01T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarseptember 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

1,5 millionar overnattingar

I september i år var det 1,5 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er det høgste septembertalet nokon sinne, og utgjer 6 prosent fleire enn i september i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 5 prosent, medan dei utanlandske auka med 7.

Storbritannia var den største utanlandsmarknaden for hotella i september, men talet på britiske hotellovernattingar gjekk ned med 1 prosent samanlikna med september i fjor. Talet på britiske overnattingar i september er meir enn dobla frå september 1990.

Vestlandsfylka er populære

Det er særlig vestlandsfylka (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal) som har stått for auka for hotella. Til dømes hadde Rogaland ei auke på nesten 17 000 overnattingar eller 18 prosent samanlikna med september i fjor. Dei utanlandske hotellovernattingane i Rogaland gjekk ned, men for dei andre nemnde vestlandsfylka var det stor auke både for norske og utanlandske hotellovernattingar.

Auke for camping og hyttegrender

Det var 425 000 overnattingar ved norske campingplassar, ei auke på 2 prosent frå september i fjor. Overnattingane ved hyttegrendene auka med 20 prosent, medan Norske Vandrerhjem hadde ein auke på 7 prosent.

Meir enn 2 millionar overnattingar

Det var 2,1 millionar overnattingar totalt ved alle overnattingsformene. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med september i fjor. Tyskland er den største utanlandsmarknaden.

Auke hittil i år

Til og med september i år hadde hotella 14,3 millionar overnattingar, mot 13,8 i same periode i fjor, det vil seie ein auke på 3 prosent. Talet på norske overnattingar auka med 4 prosent, medan dei utanlandske auka med 2 prosent i denne perioden.

Overnattingstala etter tre kvartaler i 2006, både totalt og for dei norske, er dei høgste tala nokon sinne. Til dømes er totaltalet til og med september i år nesten like høgt som totaltalet for heile 1994. Totalen er 45 prosent høgare enn totalen for tilsvarande periode i 1990, 16 prosent høgare enn i 1995 og 7 prosent høgare enn i 2000.

Tabeller: