Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire yrkesovernattingar
I oktober i år var det 1,3 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er 4 prosent fleire enn i tilsvarande månad i fjor. Talet på norske overnattingar auka med 3 prosent, medan dei utanlandske auka med 9 prosent.
For første gong er det meir enn 200 000 utanlandske overnattingar i oktober månad ved norske hotell. Storbritannia var den største utanlandsmarknaden, og talet på britiske hotellovernattingar auka med 10 prosent samanlikna med oktober i fjor. Den nest største, Sverige, hadde òg auke, medan talet på overnattingar frå den tredje største utanlandsmarknaden, Tyskland, gjekk ned med 17 prosent.
Auke for yrke, nedgang for ferie
Det er den yrkesretta overnattingstrafikken ved hotella som har auka. Talet på yrkesovernattingar gjekk opp med 11 prosent, medan kurs- og konferanseovernattingar auka med 1 prosent. Talet på hotellovernattingar med ferie og fritid som formål, gjekk derimot ned med 5 prosent.
Rogaland og Akershus hadde størst vekst i yrkesovernattingane. Oslo og Hordaland hadde òg ganske stor auke, medan Hedmark, Oppland, Troms og Finnmark var dei fire fylka som hadde nedgang i yrkestrafikken.
11 av 19 fylke hadde nedgang i ferieovernattingane. Størst nedgang hadde Aust-Agder med 20 prosent og Buskerud med 18 prosent, medan Oslo, Vestfold, Rogaland og Troms var blant dei fylka som hadde minst auke i ferieovernattingane.
Vekst for camping og hyttegrender
Det var 208 000 overnattingar ved norske campingplassar, ein auke på 11 prosent frå oktober i fjor. Overnattingane ved hyttegrendene auka med 24 prosent, medan Norske Vandrerhjem hadde ein auke på 10 prosent.
Totalt
Det var 1,6 millionar overnattingar totalt ved alle overnattingsformene, som er 5 prosent fleire enn i oktober i fjor. Storbritannia og Sverige er dei to største utanlandsmarknadene.
Auke hittil i år
Til og med oktober i år hadde hotella 15,6 millionar overnattingar, mot 15,1 i same periode i fjor. Dette er ein auke på 3 prosent. Talet på norske overnattingar auka med 4 prosent, medan det var 3 prosent fleire utanlandske enn i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Oktober. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-oktober og oktober. 2005 og 2006
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Oktober. 2005 og 2006
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-oktober. 2005 og 2006
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-oktober og oktober 2006
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Oktober. 2005 og 2006
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-oktober. 2005 og 2006
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2006
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2006
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2006
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Oktober 2006
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-oktober 2006
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2006
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2006
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Oktober 2006
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-oktober 2006
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Oktober 2006
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-oktober 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54