Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire utanlandske overnattingar
I november 2006 var det 1,3 millionar overnattingar ved norske hotell, om lag det same som i oktober. Talet på overnattingar i november var 7 prosent høgare enn i november 2005. Talet på norske overnattingar auka med 6 prosent, medan dei utanlandske steig med 14.
Storbritannia var den største utanlandsmarknaden, og talet på britiske hotellovernattingar auka med 16 prosent samanlikna med november 2005. Alle dei store marknadene hadde stigning. Berre enkelte små land hadde nedgang i talet på overnattingar.
Auke for camping og hyttegrender
Det var 158 000 overnattingar ved norske campingplassar, ein auke på 8 prosent frå november 2005. Overnattingane ved hyttegrendene steig med 23 prosent.
Totalt
Det var 1,5 millionar overnattingar totalt ved alle overnattingsformene i november 2006, som er 8 prosent fleire enn i november 2005. Storbritannia og Sverige er dei to største utanlandsmarknadene.
Auke til og med november
Til og med november 2006 hadde hotella 16,8 millionar overnattingar, mot 16,2 i same periode i 2005. Dette er ein auke på 4 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. November. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - november og november. 2005 og 2006
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. November. 2005 og 2006
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - november. 2005 og 2006
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - november og november 2006
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. November. 2005 og 2006
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - november. 2005 og 2006
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2006
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2006
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - november 2006
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. November 2006
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-november 2006
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2006
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2006
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2006
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - november 2006
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. November 2006
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-november 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54