Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Nytt hurra-år for hotella
2006 vart eit nytt toppår for norske hotell med 17,8 millionar overnattingar, 4 prosent fleire enn i 2005. Av desse var 12,9 millionar norske og 4,9 millionar utanlandske overnattingar.
Talet på overnattingar for 2006 er det høgste nokosinne for hotella i Noreg. Norske hotellovernattingar auka med 4 prosent frå 2005 til 2006, medan dei utanlandske overnattingane auka med 3 prosent. Sjølv om det var vekst i talet på utanlandske overnattingar ved hotella i fjor, må ein tilbake til 1999 for å finne året for flest utanlandske hotellovernattingar. Da var det 5,2 millionar, medan talet for 2006 var 4,9 millionar, 6 prosent under nivået for 1999.
Nedgang for fleire av dei store
Tre av dei fire største utanlandsmarknadane hadde nedgang i hotellovernattingane jamført med 2005. Når det likevel er auke for utlendingar totalt, heng det saman med at mange av dei små utanlandsmarknadane auka.
Tyskland er framleis den største utanlandsmarknaden for hotella, med 746 000 hotellovernattingar i 2006. Dette er ein nedgang på 8 prosent. Rekordåret for tyske hotellovernattingar var 1994, med nesten 1,2 millionar overnattingar. Sidan 1994 har tyske hotellovernattingar gått ned med 36 prosent.
Dei to andre store utanlandsmarknadene som hadde nedgang jamført med 2005, var Danmark og Sverige. Talet på svenske hotellovernattingar gjekk ned 1 prosent, frå 531 000 overnattingar i 2005 til 527 000 overnattingar i 2006. Nivået i 2006 er 23 prosent lågare enn toppåret 1997. Talet på danske hotellovernattingar gjekk ned med 5 prosent samanlikna med 2005. Nivået i 2006 ligg 38 prosent lågare enn toppåret 1995, da det var 951 000 danske hotellovernattingar i Noreg.
Felles for Tyskland, Danmark og Sverige er at dei har hatt nedgang ved campingplassane, medan hyttegrendene har hatt fleire overnattingar frå desse landa enn tidlegare år.
Det var 652 000 hotellovernattingar frå Storbritannia i 2006, ein auke på 8 prosent samanlikna med 2005. Det er det høgste talet nokosinne. Talet på britiske overnattingar ved hotella er nær dobla sida 1989.
Auke i totaltrafikken
I 2006 var det totalt 27,5 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadane. Dette er ei auke på 5 prosent i forhold til 2005. Det har vært auke for alle overnattingsformene i 2006 jamført med 2005. Campingplassane hadde i 2006 for første gang over 8 millionar overnattingar på årsbasis. Talet på overnattingar ved hyttegrendene er nær tredobla frå 2001 (177 prosent auke), men dette har blant anna samanheng med at fleire hotell er omklassifiserte til hyttegrender dei siste åra.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Desember. 2005 og 2006
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - desember og desember. 2005 og 2006
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Desember. 2005 og 2006
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - desember. 2005 og 2006
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - desember og desember 2006
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Desember. 2005 og 2006
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - desember. 2005 og 2006
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2006
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2006
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - desember 2006
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Desember 2006
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-desember 2006
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2006
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2006
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Desember 2006
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - desember 2006
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Desember 2006
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-desember 2006
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54