14440_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14440
God start på året for hotella
statistikk
2007-03-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjanuar 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

God start på året for hotella

I januar i år var det nesten 1,5 millionar overnattingar til saman ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og Norske Vandrerhjem. Dette er ein auke på 8 prosent samanlikna med januar i fjor.

Talet på hotellovernattingar i januar auka med 7 prosent. Talet på norske hotellovernattingar auka med 8 prosent, medan talet på dei utanlandske auka med 4 prosent. Av dei store utanlandske marknadene auka Sverige med 6 prosent, medan den største, Danmark, gjekk ned med 6 prosent.

Auke for camping og hyttegrender

Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 18 prosent, medan hyttegrendene hadde ein auke på 4 prosent. Både norske og utanlandske overnattingar aukar.

Auke i yrkesovernattingar og ferie, nedgang i kurs og konferanse

Samanlikna med januar i fjor, har talet på yrkesovernattingar ved hotella auka med 16 prosent, og ferieovernattingar auka med 1 prosent. Overnattingar med kurs og konferanse som formål gjekk ned med 3 prosent.

Hemsedal og Trysil

Av dei store ski-kommunane var Hemsedal størst på hotell med 54 000 overnattingar i januar 2007, 38 000 av dei var utanlandske overnattingar, ein auke på 19 prosent. Trysil var størst på hyttegrender med 49 000 overnattingar, av dei var 39 000 utanlandske overnattingar. Danskar dominerer i Trysil i januar 2007 med 68 prosent av alle utanlandske overnattingar.

Tabeller: