Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke for all overnatting
I februar i år var det over 1,7 millionar overnattingar ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og Norske Vandrerhjem. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med februar i fjor.
Talet på hotellovernattingar i februar auka med 5 prosent. Talet på norske hotellovernattingar auka med 7 prosent, medan talet på dei utanlandske auka med 1 prosent. Av dei store utanlandske marknadene auka Sverige med 2 prosent, medan den største, Danmark, gjekk ned med 7 prosent.
Auke for camping og hyttegrender
Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 4 prosent, medan hyttegrendene hadde ein auke på 9 prosent. Både norske og utanlandske overnattingar aukar. For camping og hyttegrender er utanlandsmarknaden dominert av danskar. Dei stod for 70 prosent av alle utanlandske overnattingar på hyttegrender, medan tilsvarande tal for camping var 30 prosent.
Auke for alle overnattingsformål
Samanlikna med februar i fjor har talet på yrkesovernattingar ved hotella auka med 10 prosent. Ferie og kurs og konferanseovernattingar auka med høvesvis 2 og 1 prosent.
Store bykommunar og Hemsedal
Av dei store bykommunane hadde Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim ein auke i talet på hotellovernattingar samanlikna med februar i fjor. Tromsø hadde ein liten nedgang. I februar 2007 var Hemsedal landets tredje største kommune målt i talet på overnattingar, og berre Oslo og Bergen hadde fleire overnattingar. I alle dei store bykommunane er den største utanlandske marknaden Storbritannia, medan danskane dominerer i Hemsedal.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Februar. 2006 og 2007
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-februar og februar. 2006 og 2007
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Februar. 2006 og 2007
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-februar. 2006 og 2007
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-februar og februar 2007
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Februar. 2006 og 2007
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-februar. 2006 og 2007
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2007
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2007
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2007
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Februar 2007
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-februar 2007
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2007
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2007
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2007
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-februar 2007
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Februar 2007
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-februar 2007
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54