14436_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14436
Overnattingsboom ved campingplassane
statistikk
2007-05-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmars 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Overnattingsboom ved campingplassane

I mars var det nær 2 millionar overnattingar til saman ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og norske vandrarheim. Dette er ein vekst på 9 prosent samanlikna med mars i fjor.

Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 16 prosent, medan hyttegrendene hadde ei stigning på 30 prosent. Både norske og utanlandske overnattingar aukar. For hyttegrender er utanlandsmarknaden dominert av danskar. Dei stod for 58 prosent av alle utanlandske overnattingar. For camping er Tyskland størst med 20 prosent av dei utanlandske overnattingane.

Fleire overnattingar på hotell

Talet på hotellovernattingar i mars auka med 6 prosent samanlikna med i fjor. Talet på norske hotellovernattingar auka med 5 prosent, medan talet på dei utanlandske auka med 11 prosent. Av dei store utanlandske marknadene auka Danmark med 6 prosent og Sverige med 13 prosent, medan Tyskland gjekk ned med 2 prosent.

Ferie- og fritidsovernattingar aukar

Samanlikna med mars i fjor har talet på ferie- og fritidsovernattingar og yrkesovernattingar ved hotella auka med høvesvis 11 og 8 prosent. Kurs- og konferanseovernattingar gjekk ned med 7 prosent.

Store hotellkjeder

Dei 11 største hotellkjedene hadde 63 prosent av alle overnattingane i mars 2007. Største utanlandske marknad var Storbritannia med 20 prosent, medan Sverige og Danmark hadde høvesvis 17 og 16 prosent av alle utanlandske overnattingar på kjedehotella. Yrkesovernattingar auka med 8 prosent frå i fjor. Av den totale hotellmassen i mars 2007 på 952 hotell var 316 av dei knyta til ei stor hotellkjede.

Tabeller: