Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Campingsesongen er i gang
I mai var det 667 000 overnattingar ved norske campingplassar, ein vekst på 15 prosent samanlikna med same periode i fjor. Norske overnattingar gjekk opp med 16 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 11 prosent.
Overnattingar i telt og vogn på camping har auka frå 76 000 i mai 2006 til 124 000 i mai i år, ein vekst på 63 prosent. Buskerud gjekk opp frå 8 000 til 40 000 telt- og vognovernattingar, og sto dermed for ein stor del av veksten.
Talet på hotellovernattingar i mai gjekk opp med 6 prosent samanlikna med i fjor. Talet på norske hotellovernattingar auka med 7 prosent, medan talet på dei utanlandske steig med 4 prosent. Av dei store utanlandske marknadene auka Sverige med 4 prosent medan den største, Storbritannia, gjekk ned med 2 prosent.
Auke for hyttegrender
Talet på overnattingar ved hyttegrendene gjekk opp frå 55 000 til 70 000 overnattingar, ein vekst på 27 prosent samanlikna med same periode i fjor. Norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med høvesvis 28 og 25 prosent.
Flest yrkesovernattingar
Samanlikna med mai i fjor har talet på yrkesovernattingar ved hotella gått opp med 11 prosent. Ferie- og fritidsovernattingar auka med 3 prosent medan kurs- og konferanseovernattingar gjekk ned med 4 prosent.
God mai-månad for hotella i Ullensaker og Bergen
Akershus og Hordaland har størst auke i talet på overnattingar av fylka. Ullensaker hadde ein auke i talet på hotellovernattingar på 27 prosent i mai 2007 sett i høve til same periode i fjor, medan Bergen auka med 7 prosent. Størst prosentvis vekst hadde Nord-Trøndelag med nær 30 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Mai. 2006 og 2007
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - mai og mai. 2006 og 2007
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Mai. 2006 og 2007
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - mai. 2006 og 2007
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - mai og mai 2007
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mai. 2006 og 2007
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - mai. 2006 og 2007
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2007
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2007
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - mai 2007
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mai 2007
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mai 2007
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2007
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2007
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2007
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - mai 2007
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai 2007
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-mai 2007
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54