14430_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14430
Fleire overnattingar på hotell
statistikk
2007-08-02T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjuni 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar på hotell

Frå januar til juni var det 8,6 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 5,5 prosent samanlikna med den same perioden i fjor. Norske overnattingar har auka med 6,2 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar auka med 3,8 prosent.

Størst auke første halvår hadde yrkesovernattingar med 11 prosent, medan kurs og konferanse auka med 2 prosent. Ferieovernattingar hadde også ein oppgang på 1 prosent. I Rogaland auka talet på yrkesovernattingane med heile 23 prosent.

Fleire yrkesovernattingar også i juni

Det generelle talet på hotellovernattingar i juni auka med 7 prosent samanlikna med i fjor. Dermed auka talet på norske hotellovernattingar med 9 prosent. Samanlikna med den same månaden i fjor, gjekk talet på yrkesovernattingar opp frå 607 000 til 686 000, ein auke på 13 prosent. Kurs- og konferanseovernattingar auka enda meir, med 15 prosent. Ferie- og fritidsovernattingar var om lag uendra, berre ein liten auke på 1 prosent.

I juni 2007 gjekk talet på dei utanlandske overnattingane opp med 3 prosent. Av dei store utanlandske marknadane auka Sverige med 2 prosent medan den største, Tyskland, gjekk ned med 3 prosent.

Auke også for camping og hyttegrender

Talet på overnattingar på camping gjekk opp frå 1,3 millionar til 1,4 millionar, ein auke på 7 prosent. Hyttegrendene opplevde på si side ein oppgang på 15 prosent, frå 94 000 til 108 000 overnattingar.

Høg utnyttingsgrad i storbykommunar

Over 90 prosent av hotellromma i Tromsø og Bergen var utleigde i juni. I Stavanger og Oslo var prosentane 86,9 og 85,6, medan i Trondheim og Kristiansand var 80,9 og 79,7 prosent av romma utleigde.

Tabeller: