Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Færre nordmenn på campingplassane
I juli var det 2,7 millionar overnattingar ved norske camping plassar, ein nedgang med 5,6 prosent samanlikna med den same perioden i fjor. Norske overnattingar gjekk ned med 10 prosent, medan talet på utanlandske overnattingar derimot auka med 3,2 prosent.
Norske overnattingar ved campingplassane gjekk ned med 187 000, frå 2,04 millionar til 1,85 millionar overnattingar. Talet på utanlandske overnattingar gjekk derimot opp frå 833 000 til 859 000 overnattingar. Størst nedgang hadde sesongkontraktar som gjekk ned med over 100 000 norske overnattingar.
Nedgang for sesongkontraktar
Overnattingar på sesongkontraktar gjekk ned frå 983 000 til 882 000, ein nedgang på 10 prosent samanlikna med 2006, telt og vogn gjekk ned med 9,2 prosent frå 857 000 til 784 00 overnattingar. Hytter på campingplassar gjekk og ned med 1,4 prosent, medan bubilar auka med 7,3 prosent.
Talet på hotellovernattingar i juli auka med 1 prosent samanlikna med i fjor. Både talet på norske og utanlandske hotellovernattingar auka med 1 prosent. Av dei store utanlandske marknadane auka Sverige med 6 prosent medan den største, Tyskland, gjekk ned med 5 prosent.
Vekst for hyttegrender
Talet på overnattingar i hyttegrender gjekk opp frå 177 000 til 183 000, ein vekst på 3,5 prosent samanlikna med 2006.
Fleire yrkesovernattingar i feriemånaden
Samanlikna med juli i fjor gjekk talet på yrkesovernattingar opp frå 461 000 til 522 000, ein auke på 13 prosent. Kurs og konferanseovernattingar gjekk ned med nær 3 prosent. Ferie- og fritidsovernattingar var om lag uendra, ein liten nedgang på 1 prosent.
God juli i Oslo og Hallingdal
I Buskerud gjekk talet på hotellovernattingar opp med 14 000 i juli 2007 samanlikna med året før, ein auke på 9,8 prosent. Hallingdalregionen i Buskerud hadde ein auke på 9 000 overnattingar eller 8,4 prosent. I Oslo steig talet på overnattingar med 12 000 samanlikna med juli 2006. Dei andre storbykommunane hadde mindre auke, eller var om lag uendra frå i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Juli. 2006 og 2007
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - juli og juli. 2006 og 2007
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Juli. 2006 og 2007
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - juli. 2006 og 2007
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - juli og juli 2007
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Juli. 2006 og 2007
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - juli. 2006 og 2007
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2007
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2007
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - juli 2007
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juli 2007
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juli 2007
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2007
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2007
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2007
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - Juli 2007
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juli 2007
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-juli 2007
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54