Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
5 prosent auke for hotella
I november var det 1,3 millionar overnattingar ved norske hotell, ein vekst på 5 prosent samanlikna med same periode 2006. Både norske og utanlandske overnattingar auka med 5 prosent.
Størst auke av dei store utanlandsmarknadene i november hadde Sverige som gjekk opp med 13 prosent frå 29 000 til 33 000 overnattingar. Tyskland auka med 7 prosent frå 14 000 til 15 000 overnattingar, medan den største, Storbritannia, gjekk ned med 7 prosent.
Samanlikna med november 2006 gjekk talet på yrkesovernattingar opp frå 651 000 til 660 000, ein auke på 1 prosent. Kurs og konferanse auka med 8 prosent frå 273 000 til 294 000 overnattingar, medan ferie- og fritidsovernattingar auka med 10 prosent frå 341 000 til 373 000 overnattingar samanlikna med november 2006.
Hittil i år
Samanlikna med januar-november 2006 gjekk talet på hotellovernattingar opp frå 16,8 millionar til 17,6 millionar overnattingar, ein auke på 4 prosent. Norske overnattingar gjekk opp med 5 prosent frå 12,1 millionar til 12,7 millionar overnattingar, medan dei utanlandske overnattingane gjekk opp med 3 prosent frå 4,7 til 4,9 millionar overnattingar.
Auke for camping og hyttegrender
Talet på campingovernattingar gjekk opp med 12 prosent, frå 158 000 til 177 000 overnattingar, og talet på overnattingar i hyttegrender gjekk opp frå 40 000 til 45 000, ein vekst på 13 prosent frå november 2006.
Storbykommunane aukar talet på overnattingar
I Trondheim gjekk talet på hotellovernattingar opp frå 63 000 til 67 000 overnattingar, ein auke på 7 prosent. Utnyttingsgraden i Trondheim gjekk opp frå 77 til 82 prosent. I Oslo gjekk talet på overnattingar opp med 3 prosent frå 268 000 til 272 000 overnattingar og utnyttingsgraden gjekk opp frå 84 til 85 prosent. Dei andre storbyane, Stavanger og Bergen, hadde ein nedgang i utnyttingsgraden med høvesvis 1,9 og 0,5 prosent, medan talet på overnattingar auka med 4,3 og 7,3 prosent.
Fleire tal på kommunenivå kan bestillast som oppdrag.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. November. 2006 og 2007
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - november og november. 2006 og 2007
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. November. 2006 og 2007
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - november. 2006 og 2007
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - november og november 2007
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. November. 2006 og 2007
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - november. 2006 og 2007
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2007
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2007
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - november 2007
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. November 2007
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-november 2007
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2007
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2007
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. November 2007
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - november 2007
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. November 2007
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-november 2007
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54