14418_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14418
Rekordår for hotellnæringa
statistikk
2008-01-31T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingardesember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordår for hotellnæringa

I 2007 var det 18,5 millionar overnattingar ved norske hotell mot 17,8 millionar i 2006, ein vekst på 4 prosent. Norske overnattingar auka med 5 prosent, medan tala på utanlandske overnattingar auka med 3 prosent.

Norske hotellovernattingar auka frå 12,9 millionar i 2006 til 13,5 i 2007, medan utanlandske overnattingar gjekk opp frå 4,9 til 5,1 millionar. Av dei store utanlandsmarknadene gjekk Sverige opp med 6 prosent frå 527 000 til 560 000 overnattingar. Nederland auka med 12 prosent frå 285 000 til 321 000 overnattingar og Spania gjekk opp frå 243 000 til 268 000, ein vekst på 10 prosent. Dei to største utanlandsmarknadene, Tyskland og Storbritannia, gjekk ned med høvesvis 3 og 1 prosent.

Størst vekst i yrkesovernattingar

Samanlikna med 2006 gjekk talet på yrkesovernattingar opp frå 6,6 millionar til 7,2 millionar overnattingar, ein auke på 9 prosent. Kurs og konferanse auka med 3 prosent, frå 2,5 til 2,6 millionar overnattingar, medan ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 1 prosent samanlika med 2006.

Også auke for camping og hyttegrender

Talet på campingovernattingar i 2007 gjekk opp med 3,5 prosent, frå 8,1 til 8,4 millionar. Norske overnattingar auka med 2 prosent og utanlandske med 7 prosent. Overnattingar i hyttegrender gjekk opp frå 1,3 millionar til 1,4 millionar, ein vekst på 9 prosent. Auken her var delt mellom nordmenn og utlendingar med høvesvis 6 og 12 prosent.

Liten auke i desemberovernattingane

Samanlikna med desember 2006 gjekk talet på hotellovernattingar opp med 1 prosent frå 941 000 til 946 000 overnattingar i 2007. Norske overnattingar gjekk opp med 1 prosent frå 742 000 til 751 000 overnattingar, medan dei utanlandske overnattingane gjekk ned med 2 prosent frå 199 000 til 195 000 overnattingar.

Haugesund med høgaste utnyttingsgrad

I Haugesund var 8 av 10 rom til kvar tid utleigd i 2007. Talet på overnattingar gjekk opp frå 189 000 til 229 000, ein auke på 21 prosent. Utnyttingsgraden gjekk opp frå 63 til 78 prosent. I Oslo gjekk talet på overnattingar opp med 1 prosent. Utnyttingsgraden gjekk opp frå 74 til 77 prosent.

Bergen gjekk mest opp i talet på overnattingar med 73 000 fleire, ein auke på heile 5,5 prosent. Utnyttingsgraden var om lag uendra med 72 prosent i 2006 og 2007. Same utnyttingsgrad hadde Stavanger med ein auke i talet på overnattingar på 39 000, frå 629 000 til 668 000 overnattingar. Trondheim auka talet på overnattingar med 4 prosent frå 708 000 til 735 000 overnattingar. Utnyttingsgraden gjekk dermed opp og passerte 70 prosent mot 69 prosent i 2006.

Fleire tal på kommunenivå kan bestillast som oppdrag.

Tabeller: