14416_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14416
Fleire overnattingar ved hotella
statistikk
2008-02-29T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjanuar 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire overnattingar ved hotella

I januar i år var det over 1,2 millionar overnattingar ved norske hotell. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med januar i fjor. Det var marknaden for kurs og konferanse som auka mest.

Det var over 227 000 overnattingar med formål ”kurs og konferanse” i januar. Dette er ein auke på nesten 25 000 frå januar i fjor, det svarer til ein vekst på 12 prosent. Feriemarknaden auka med 9 500 overnattingar, eller 2,4 prosent. Yrkesmarknaden var uendra frå januar i fjor.

Fleire tyskarar på hotella

Talet på norske hotellovernattingar auka med 3 prosent, medan talet på dei utanlandske auka med 4 prosent. Det var over to tusen fleire tyskarar på hotella i januar i år. Dette er ein auke på 8 prosent. Det var også auke i talet på overnattingsgjester frå Sverige og Danmark, medan talet på overnattingsgjester frå Storbritannia gjekk ned.

Auke for camping og hyttegrender

Talet på overnattingar ved campingplassane auka med 6 prosent, medan hyttegrendene hadde ein auke på 3 prosent. På campingplassane var det nordmenn som stod for auken i talet på overnattingar, medan for hyttegrendane var det utanlendingane som utgjorde auken.

Fleire overnattingar i Akershus

Tala for januar viser ein auke på nesten ti tusen overnattingar i Akershus. Dette er ti prosent meir enn for den same månaden i fjor. Også Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder hadde stor auke i talet på overnattingar. Vest-Agder utmerkte seg også med ein stor auke i kapasitetsutnyttinga. Oslo, Akershus og Buskerud hadde i januar den høgaste oppnådde prisen1 per rom, over 900 kroner rommet. Vest-Agder hadde den lågaste prisen med 673 kroner.

1Oppnådd pris per rom er i overnattingsstatistikken definert som losjiomsetning per belagte rom.

Tabeller: