Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattingar i februar
I februar i år var det til saman over 1,8 millionar overnattingar ved hotell, campingplassar, hyttegrender og Norske Vandrerhjem. Dette er ein auke på nesten 8 prosent samanlikna med februar i fjor.
Talet på hotellovernattingar i februar auka med 6 prosent frå februar 2007. Norske hotellovernattingar auka med 8 prosent, medan utanlandske gjekk ned med 1 prosent. Av dei store utanlandske marknadene gjekk Sverige ned med 1 prosent, medan den største, Danmark, gjekk ned med 6 prosent. Polen auka med 5 prosent og hadde over 10 000 overnattingar på hotella i februar.
Auke i alle formålsgrupperingar
Samanlikna med februar i fjor har talet på yrkesovernattingar ved hotella auka med 7 prosent. Kurs og konferanse auka med om lag 40 000 overnattingar, eller 9 prosent. Ferie- og fritidsovernattingar auka med over 3 prosent frå februar i fjor.
Flest hotellovernattingar i Oslo, Oppland og Buskerud
Oslo, Oppland og Buskerud var i februar dei største hotellfylka målt i talet på overnattingar. Oslo hadde 207 000 overnattingar, ein auke på 5 prosent frå februar i fjor. Oppland hadde 195 000 overnattingar, ein auke på 1 prosent frå i fjor, og Buskerud hadde 180 000 overnattingar, uendra frå året før. Akershus gjekk frå 85 000 overnattingar i februar i fjor til nesten 100 000 i år. Dette er ein auke på heile 17 prosent, og det kom av fleire overnattingar i yrkes-, kurs- og konferansesamanheng.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Februar. 2007 og 2008
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - februar og februar. 2007 og 2008
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Februar. 2007 og 2008
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - februar. 2007 og 2008
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - februar og februar 2008
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Februar. 2007 og 2008
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - februar. 2007 og 2008
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2008
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - februar 2008
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Februar 2008
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-februar 2008
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2008
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Februar 2008
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - februar 2008
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Februar 2008
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-februar 2008
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54