Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Mindre yrkestrafikk i mars
I mars i år var det 1,4 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 12 prosent samanlikna med mars i fjor. Nedgangen kjem av ein stor nedgang i yrkestrafikken.
Samstundes auka ferieovernattingane med 5 prosent frå mars i fjor. Nedgangen i yrkestrafikk og auken i ferie og fritid kan koma av at påska i år var i mars, medan den i 2007 var i april. Fylka Oppland, Buskerud og Telemark, som alle har fleire store vinterdestinasjonar, hadde ein auke i hotelltrafikken. Dei andre fylka hadde enten uendra eller færre hotellovernattingar samanlikna med mars i fjor.
Færre danskar, men fleire tyskarar
Talet på norske overnattingar i mars gjekk ned med 13 prosent, medan talet på utanlandske gjekk ned med 7 prosent. Danmark var den største utanlandsmarknaden i mars, men talet på hotellovernattingar frå Danmark gjekk ned med heile 15 prosent, dette er 15 000 færre overnattingar enn i mars i fjor. Frå Sverige gjekk overnattingane ned med 9 prosent, medan frå Tyskland auka dei med 18 prosent, frå 40 000 til 47 000 overnattingar.
Nedgang i totaltrafikken
I mars i år var det i alt 1,94 millionar overnattingar totalt ved dei kommersielle overnattingsstadene, mot 1,99 millionar i mars i fjor, ein nedgang på 2 prosent.
Stor auke for camping
Talet på overnattingar ved campingplassane auka med heile 56 prosent. 110 000 fleire norske overnattingar og 9 000 fleire utanlandske gjer ein oppgang på høvesvis 59 og 31 prosent. Hyttegrendene auka med 12 prosent. Dette har samanheng med at mange campingplassar og hyttegrender har stor trafikk i påsken.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Mars. 2007 og 2008
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - mars og mars. 2007 og 2008
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Mars. 2007 og 2008
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - mars. 2007 og 2008
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - mars og mars 2008
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mars. 2007 og 2008
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - mars. 2007 og 2008
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mars 2008
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - mars 2008
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mars 2008
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mars 2008
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2008
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mars 2008
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - mars 2008
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mars 2008
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-mars 2008
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54