Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Sju millionar overnattingar i vintersesongen
I vintersesongen januar-april 2008 var det til saman sju millionar overnattingar ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og Norske Vandrerhjem. Dette er ein auke på 2 prosent samanlikna med januar-april 2007.
Talet på hotellovernattingar auka i perioden januar-april med 1 prosent. Norske hotellovernattingar auka med 1 prosent, medan talet på dei utanlandske gjekk ned med 1 prosent. Campingovernattingar gjekk opp med 12 prosent, norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med høvesvis 11 og 19 prosent. Hyttegrendovernattingar var om lag uendra, medan på Norske Vandrerhjem gjekk talet på overnattingar ned med 1 prosent.
I april 2008 var det 12 prosent auke i hotellovernattingar frå same månaden i fjor, noko som har samanheng med at påsken 2007 var i april, medan påsken var i mars i år.
Nedgang i utanlandstrafikken
Dersom ein ser på dei store utanlandske marknadene, gjekk Storbritannia ned med 14 prosent i første tertial, medan den største, Danmark, gjekk ned med 5 prosent. I same perioden auka Tyskland med 7 prosent fleire overnattingar.
Auke i yrkesovernattingar
Samanlikna med januar-april i fjor har talet på yrkesovernattingar ved hotella auka med 2 prosent. Kurs- og konferanseovernattingar gjekk opp med 6 prosent, medan ferie- og fritidsovernattingar gjekk ned med 2 prosent.
Tal på fylkesnivå
Oslo, Oppland og Buskerud var i januar-april dei største hotellfylka målt i talet på overnattingar. Oslo hadde 875 000 overnattingar, ein auke på 1 prosent frå same perioden i fjor. I Oppland og Buskerud var talet på hotellovernattingar 625 000 og 614 000, ein nedgang på høvesvis 6 og 5 prosent samanlikna med same perioden i fjor.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. April. 2007 og 2008
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestenes nasjonalitet. Januar-april og april. 2007 og 2008
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. April. 2007 og 2008
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-april. 2007 og 2008
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-april og april 2008
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. April. 2007 og 2008
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-april. 2007 og 2008
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2008
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2008
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. April 2008
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-april 2008
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2008
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. April 2008
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-april 2008
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. April 2008
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-april 2008
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54