Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i ferietrafikken
I mai i år var det 1,4 millionar overnattingar ved norske hotell, ein auke på 6 prosent samanlikna med mai i fjor. Oppgangen kjem av ein stor auke i ferietrafikken.
Talet på ferieovernattingar gjekk opp med 14 prosent frå mai i fjor, frå 463 00 til 527 000 overnattingar. Både overnattingar i samband med kurs og konferanse og med yrkestrafikk gjekk opp, med høvesvis 6 og 1 prosent. I alle fylka med unntak av Nord-Trøndelag og Troms gjekk talet på overnattingar opp. Yrkestrafikken minka i både Nord-Trøndelag og Troms.
Færre frå Storbritannia, men fleire tyskarar
Talet på norske overnattingar ved hotella i mai gjekk opp med 5 prosent, og talet på utanlandske overnattingar gjekk opp med 10 prosent. Blant utlendingane var det britar og tyskarar som overnatta mest på hotell, med 50 000 overnattingar kvar. Talet for britar gjekk ned med 7 prosent frå 54 000 overnattingar i mai 2007, medan det for tyskarar var ein auke på 31 prosent frå 38 000. Også svenskar overnatta meir enn året før, med ein auke frå 39 000 til 46 000 overnattingar.
Oppgang i totaltrafikken
I mai i år var det i alt 2,17 millionar overnattingar totalt ved dei kommersielle overnattingstadene, mot 2,07 millionar i mai i fjor. Dette utgjer ein auke på 5 prosent.
Auke for camping og hyttegrender
Talet på overnattingar ved campingplassane i mai auka med 2 prosent. Både norske og utanlandske overnattingar ved campingplassane auka, med høvesvis 1 og 4 prosent. Hyttegrendene hadde ein auke på 10 prosent. Her gjekk norske overnattingar opp med 13 prosent og utanlandske med 8 prosent.
Auke hittil i år
Fleire av overnattingsformene har ein auke i trafikken i perioden januar-mai 2008. Trafikken ved hotella har auka med 2 prosent, frå 6,60 til 6,73 millionar overnattingar. Talet på overnattingar på campingplassane har gått opp med 8 prosent, frå 1,56 millionar til 1,68 millionar I hyttegrendene auka trafikken med 1 prosent, frå 657 000 til 663 000 overnattingar, medan talet på overnattingar hos Norske Vandrerhjem har gått ned med 1 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Mai. 2007 og 2008
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-mai og mai. 2007 og 2008
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Mai. 2007 og 2008
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-mai. 2007 og 2008
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-mai og mai 2008
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Mai. 2007 og 2008
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-mai. 2007 og 2008
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2008
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2008
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Mai 2008
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-mai 2008
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2008
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Mai 2008
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-mai 2008
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Mai 2008
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-mai 2008
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54