14406_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14406
Færre hotellovernattingar
statistikk
2008-08-01T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjuni 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre hotellovernattingar

I juni i år var det 1,9 millionar overnattingar ved norske hotell, ein nedgang på 2 prosent samanlikna med juni i fjor. Talet på norske og utanlandske overnattingar ved hotella gjekk ned med høvesvis 3 og 2 prosent.

Frå juni i fjor til juni i år gjekk talet på både ferieovernattingar og kurs- og konferanseovernattingar på hotell ned med 4 prosent. Talet på ferieovernattingar gjekk ned frå 1,1 millionar til 1,0 millionar overnattingar, medan talet på kurs- og konferanseovernattingar gjekk ned frå 238 000 til 230 000 . Talet på yrkesovernattingar gjekk opp med 2 prosent, frå rundt 686 000 til 698 000 overnattingar. Størst auke hadde hotella i Sør-Trøndelag med 3 000 fleire overnattingar, ein auke på 3 prosent. Hotella i Hordaland hadde den største reduksjonen i talet på overnattingar med ein nedgang på 11 000 eller 4 prosent.

Fleire tyskarar, færre frå Storbritannia

Tyskland var den største av utanlandsmarknadene i juni, med 146 000 hotellovernattingar, ein oppgang på 4 prosent. Talet på britiske overnattingar gjekk ned med 14 prosent, frå 81 000 til 70 000 overnattingar. Blant dei nordiske landa sto svenskane for den største auken i hotellovernattingar. Talet på svenske overnattingar auka med 8 prosent , frå 42 000 i juni i fjor til 46 000 overnattingar i juni i år.

Nedgang i totaltrafikken

I juni i år var det i alt 3,52 millionar overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene, ein nedgang på 1 prosent i forhold til same perioden i fjor. 55 prosent av overnattingane var på hotell, medan 40 prosent var på campingplass. 5 prosent av overnattingane var i hyttegrend eller på vandrarheim.

Auke hittil i år

Nesten alle overnattingsformene har hatt ein auke i trafikken i 1. halvår av 2008, samanlikna med same perioden i fjor . Totalt har talet på overnattingar ved dei kommersielle overnattingsstadene auka med 2 prosent. Talet på hotellovernattingar har auka med 1 prosent, frå 8,58 millionar overnattingar i 1. halvår 2007 til 8,67 millionar overnattingar 1. halvår i år.

Tabeller: