Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Fleire overnattar på campingplassane
I juli var det 2,8 millionar overnattingar ved norske campingplassar, ein auke på 5 prosent samanlikna med same perioden i fjor. Talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk opp med høvesvis 6 og 3 prosent.
Talet på campingovernattingar på sesongkontraktar gjekk i juli 2008 opp med 4 prosent, frå 882 000 til 916 000 overnattingar, samanlikna med same perioden i fjor. Telt/vogn og bubil auka med høvesvis 8 og 9 prosent, medan talet på overnattingar i hytte var om lag uendra samanlikna med juli 2007. Størst auke i talet på campingovernattingar hadde Rogaland, med 31 000 fleire overnattingar, frå 109 000 til 140 000 overnattingar. Østfold hadde ein auke på 27 000 overnattingar. Størst nedgang hadde Aust-Agder med 15 000 færre overnattingar samanlikna med juli 2007, talet gjekk ned frå 193 000 til 178 000 overnattingar. Blant utlendingane sto tyske overnattingsgjester for flest overnattingar. Tyskarar sto for heile 30 prosent av dei utanlandske overnattingane. Oppgangen i juli i år var 3 prosent sett i forhold til juli i fjor. Medan campingplassane hadde 255 000 utanlandske overnattingar i fjor, hadde dei 263 000 utanlandske overnattingar i år.
Nedgang for hotella
Frå juli i fjor til juli i år gjekk talet på hotellovernattingar ned med 112 000 overnattingar, ein nedgang på 5 prosent . Talet på norske hotellovernattingar gjekk ned med 3 prosent, frå 1,5 til 1,4 millionar overnattingar, medan talet utanlandske hotellovernattingar gjekk ned med 7 prosent, frå 979 000 til 913 000 overnattingar. Av dei store utanlandske marknadane hadde Sverige ein auke i talet på overnattingsdøgn på 7 prosent, medan talet på overnattingar i den største marknaden, Tyskland, gjekk ned med 6 prosent.
Nedgang i ferietrafikken
Samanlikna med juli i fjor gjekk talet på ferieovernattingar for hotella ned med 113 00 overnattingar, frå 1,88 millionar til 1,76 millionar, ein nedgang på 6 prosent. Både kurs og konferanse og yrkesovernattingar var om lag uendra samanlika med same perioden i fjor.
Lita auke for hyttegrendene
Talet på overnattingar på hyttegrender gjekk opp frå 183 000 til 185 000, ein auke på 0,9 prosent samanlikna med juli 2007.
Auke hittil i år
Av alle overnattingsformene hittil i år hadde bare hotella ein nedgang i talet på overnattingar. Trass nedgang i talet på hotellovernattingar i januar-juli 2008 har totaltrafikken ein auke i talet på overnattingar, med 253 000 fleire overnattingar, ein auke på 1,4 prosent samanlikna med perioden januar-juli 2007. Størst auke i perioden hadde campingplassane som gjekk opp frå 5,7 millionar til 6 millionar overnattingar, ein oppgang på 4,6 prosent.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. Juli. 2007 og 2008
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar-juli og juli. 2007 og 2008
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Juli. 2007 og 2008
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar-juli. 2007 og 2008
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar-juli og juli 2008
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Juli. 2007 og 2008
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar-juli. 2007 og 2008
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2008
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-juli 2008
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Juli 2008
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-juli 2008
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2008
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Juli 2008
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar-Juli 2008
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Juli 2008
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-juli 2008
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54