Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Svikt i ferietrafikken i august
Talet på overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstadar fall med 6 prosent samanlikna med august i fjor, frå 4,2 millionar til 3,9 millionar. Norske og utanlandske overnattingar gjekk ned med høvesvis 3 og 10 prosent.
Medan det var ein auke i kurs- og konferansetrafikken og yrkestrafikken , svikta ferietrafikken for hotella i august 2008 samanlikna med same periode i fjor. Ferietrafikken gjekk ned med 12 prosent, frå 1,4 millionar til 1,2 millionar overnattingar. Finnmark var det einaste fylket med ein liten auke i ferieovernattingane. I Vest-Agder fall talet på ferieovernattingar med 25 prosent. Akershus, Telemark og Aust-Agder hadde alle meir enn 20 prosent nedgang.
Stor nedgang for camping
Frå august i fjor til august i år gjekk talet på campingovernattingar ned med 5 prosent, frå 1,7 millionar til 1,6 millionar overnattingar. Norske campingovernattingar gjekk ned med 3 prosent, medan utanlandske campingovernattingar fall med 8 prosent. For alle dei spesifiserte utanlandske marknadane gjekk talet på overnattingar ned. Tyskland og Nederland fall med høvesvis 11 og 14 prosent.
Færre overnattingar på hyttegrender
Talet på overnattingar ved hyttegrender fall frå 158 000 til 151 000, ein nedgang på 4,5 prosent samanlikna med august 2007. Utanlandske overnattingar gjekk ned med 11 prosent, medan dei norske auka med 4 prosent.
Stabilt hittil i år
Hittil i år har hotella hatt ein nedgang i talet på overnattingar på 1 prosent. Trass nedgang i talet på hotellovernattingar frå januar til august 2008 er totaltrafikken om lag den same som same periode året før. Hyttegrendovernattingar hadde 11 000 fleire overnattingar, ein auke på 1 prosent samanlikna med perioden januar-august 2007. Størst auke i perioden hadde campingplassane som steig frå 7,4 millionar til 7,6 millionar overnattingar, ein oppgang på 2,4 prosent fleire gjestedøgn.
Tabeller:
- Tabell 1 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Opne bedrifter, senger og rom, etter fylke. August. 2007 og 2008
- Tabell 2 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Januar - august og august. 2007 og 2008
- Tabell 3 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. August. 2007 og 2008
- Tabell 4 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar og kapasitetsutnytting, etter fylke. Januar - august. 2007 og 2008
- Tabell 5 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Omsetning og oppnådd pris per rom, etter fylke. Januar - august og august 2008
- Tabell 6 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. August. 2007 og 2008
- Tabell 7 Hotell og andre overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter fylke og formål. Januar - august. 2007 og 2008
- Tabell 8 Campingplassar. Talet på campingplassar, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 9 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2008
- Tabell 10 Campingplassar. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - august 2008
- Tabell 11 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. August 2008
- Tabell 12 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og fylke. Januar-august 2008
- Tabell 13 Campingplassar. Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad. 2008
- Tabell 14 Hyttegrender. Talet på bedrifter, etter månad og fylke. 2008
- Tabell 15 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. August 2008
- Tabell 16 Hyttegrender. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og fylke. Januar - August 2008
- Tabell 17 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. August 2008
- Tabell 18 Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet og bedriftsgruppe. Januar-august 2008
Kontakt
-
Kristin Aasestad
E-post: kristin.aasestad@ssb.no
tlf.: 40 90 23 44
-
Guro Henriksen
E-post: guro.henriksen@ssb.no
tlf.: 91 39 12 36
-
Oppdrag
E-post: oppdrag.reiseliv@ssb.no
-
Boyd Oyier
E-post: boyd.oyier@ssb.no
tlf.: 40 90 23 54